Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dette kan bli fylkesvåpenet til nye Vestlandet

Eit grønt fjordlandskap er folkefavoritt på vegen mot fylkeskommunal samanslåing og nytt fylkesvåpen i vest.

Forslaget til Jorunn Andreassen (53) var best likt av dei atten finalebidraga til nytt fylkesvåpen for Vestland. Foto: vlfk.no

Jorunn Andreassen (53) frå Jølster har teikna forslaget til fylkesvåpen folk likar best.

I jakta på eit samlande Vestland-våpen, lyste fylkeskommunane Hordaland og Sogn og Fjordane ut ein konkurranse.

Av alle innsende bidraga, blei det trekt ut 18 forslag. I alt røysta 6.471 personar fram ein folkefavoritten frå desse, og Andreassen fekk 25 prosent av røystene.

– Det var eigentleg ein vill og galen idé. Eg tenkte først på både vikingar og historie og alt, men fann ikkje noko som appellerte. Så tenkte eg på korleis det vil det sjå ut når vi slår oss saman, fortel vinnaren i ei pressemelding frå begge fylkeskommunane.

Annonse

Trass i at forslaget er folkefavoritt, er det langt fram til den endelege avgjerda. Neste veke skal ein fagkomite melda inn tre motiv, eit frå kvart av temaområda kultur, historie og natur.

Fem designbyrå skal teikna eitt forslag kvar til kvart av motiva, og dessutan eit fritt forslag.

Desse tjue skal kokast ned til tre forslag, pluss folkefavoritten.

Avgjerda fell i desember når fylkespolitikarane endeleg skal bestemma seg for det nye fylkesvåpenet.

Neste artikkel

Frykter fiskebaroner vil eie nesten alle båter