Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dale legg skulda for ferjeprisane på fylkespolitikarane

Samferdselsminister Jon Georg Dale seier han forstår godt at folk er opprørte over ferjetakstane, men at han har gjort det han kan. No er det opp til fylka, skriv han i eit lesarbrev.

Samferdselsminister Jon Georg Dale seier han forstår godt at folk er opprørte over ferjetakstane, men at han har gjort det han kan. No er det opp til fylka, skriv han i eit lesarbrev. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix / NPK
Samferdselsminister Jon Georg Dale seier han forstår godt at folk er opprørte over ferjetakstane, men at han har gjort det han kan. No er det opp til fylka, skriv han i eit lesarbrev. Foto: Jan Kåre Ness / NTB scanpix / NPK

Den siste tida har det vore opprør i ferjefylka etter at ferjetakstane vart skrudd drastisk opp etter nyttår. I Nordland har opprøret ført fram og fylket skrur prisane ned til same nivå som i 2019, utanom i sommarsesongen.

I eit lesarbrev publisert på NRK skriv Jon Georg Dale at han godt forstår at folk er opprørte, men at det er fylka sjølv som har ansvaret i denne saka.

Ifølgje Dale held staten nede prisane på ferjer på riksvegen, og at det på fylkesvegane er fylkeskommunen som står med ansvaret

Annonse

Ferjefylka har lagt skulda for auken i ferjetakstane på staten, gjennom pålegg om låg- og nullutsleppsferjer og at dei ikkje får overført nok pengar frå staten. Dette er ikkje Dale einig i. Han seier det ikkje finst nokon konkrete pålegg om grøn ferjeteknologi, og at regjeringa har styrkt økonomien til fylka.

«I 2018 endra vi på den såkalla båt- og ferjenøkkelen, som avgjer fordeling av midlar til fylkeskommunane. Etter endringa kom både Nordland og Møre og Romsdal betre ut økonomisk. I tillegg blei båt- og ferjefylka styrkte med 100 mill. kroner i året», skriv han i lesarbrevet.

Samferdselsministeren sender òg eit stikk til heimfylket om at han håper dei gjer som Nordland og set ned prisane.

Neste artikkel

Reknar med at Felleskjøpet har fôrberedskap også for dei økologiske bøndene