Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ap knuser Høgre

Arbeidarpartiet gjer si beste måling på to år. – Svært hyggjelege tal, seier Jens Stoltenberg.

Går fram: Arbeidarpartiet går fram på ny meiningsmåling, og gjer samstundes si beste måling på to år. Det er partileiar Jens Stoltenberg svært nøgd med. Foto: Cornelius Poppe/NTB Scanpix
Går fram: Arbeidarpartiet går fram på ny meiningsmåling, og gjer samstundes si beste måling på to år. Det er partileiar Jens Stoltenberg svært nøgd med. Foto: Cornelius Poppe/NTB Scanpix

Arbeidarpartiet fossar frå Høgre, syner ei politisk meiningsmåling Norfakta har gjort for Nationen og Klassekampen.

Arbeidarpartiet får 34,4 prosent, medan Høgre får 28,8 prosent. Sidan stortingsvalet september i fjor har avstanden mellom Arbeidarpartiet og Høgre auka for kvar månad. Arbeidarpartiet får 63 mandat, som er åtte meir enn det partiet fekk i stortingsvalet.

Les også: Høyre tilbake og Ap går fram på ny måling

Samstundes gjer Arbeidarpartiet si beste måling på to år. I februar 2012 fekk Arbeidarpartiet 35,2 prosent på ei tilsvarande måling gjort av Norstat.

– Hyggjelege tal

Partileiar i Arbeidarpartiet, Jens Stoltenberg, seier det er svært hyggjelege tal.

– Eg trur det er eit uttrykk for at folk ser det spelar ei rolle kven som sit i regjering. Dei ser at vår regjering førte politikk for mindre forskjellar, medan politikken som blir ført no fører til auka skilnader. Sjølv om regjeringa ikkje har rokke å gjera så mykje endå, har ho alt på mange område sett i gang omleggjing, som til dømes privatisering av skulen, og ytterlegare lettar til dei aller rikaste i Noreg. Det er Stoltenberg trekkjer også fram landbrukspolitikk som eit område der det er store skilnader mellom Ap og regjeringa.

Les også: Laber interesse for de rødgrønne

– Vår politikk er å ta heile landet i bruk, og sjå verdien av landbruket som ei næring som tryggjer sysselsetjing og busetjing, medan Høgre og Frp har varsla kutt, seier han.

– Kva saker blir viktige for Ap framover?

– Tryggjing av arbeidsplassar og økonomi, god skule for alle, reduserte skilnader og ein moderne familie- og likestillingspolitikk. Miljø- og klimapolitikk er viktig for oss, både det å få til ein internasjonal avtale og å kutte utslepp heime. Teknologiskifte er nøkkelen til reduserte utslepp, seier Stoltenberg.

Låg veljarlojalitet i Sp

Valforskar ved Universitetet i Tromsø, Marcus Buck, seier det er få endringar frå Stortingsvalet.

– Samanlikna med stortingsvalet i september er det nokre få signifikante endringar, og alle gjeld dei raudgrøne partia. Arbeidarpartiet går fram, medan Sp og SV går attende. Ap har kapitalisert i opposisjon, som dei gjorde i regjeringa. Me har sett mange andre stader i Europa at det er dei mindre partia som får svi når dei går inn i slike koalisjonar, seier Buck.

"Målet på sikt er å ta att Dei grøne-partia i andre land."

Hanna E. Marcussen
Annonse

På målinga hamnar SV under sperregrensa med 3,1 prosent, medan Sp får fire prosent.

– Er det noko me kjem til å sjå på målingar i tida framover?

– Ja, om det ikkje kjem opp særlege politiske saker som dei to partia har stor tillit i veljarmassen på. Det openberre er om det skjer noko med EU/EØS-feltet. Uansett kva folk meiner om Senterpartiet generelt flokkar dei seg om Sp i EU-spørsmålet. For SV kan det vera om det dukkar opp aktuelle miljøsaker, eller om saker kring skular og barnehagepolitikk blir viktige saker, seier Buck.

Bakgrunnstala frå Norfakta syner at veljarlojaliteten til Sp er låg, noko Buck seier er oppsiktsvekkjande. 60 prosent av dei som stemte på Sp ved valet seier dei ville stemt på partiet om det var stortingsval i dag.

– Det er ikkje vanleg at partiet ligg så lågt. Truleg har det noko med uroa kring partiet, det gjer at veljarane blir usikre, seier han.

Dei grøne held stand

For dei andre partia er det små endringar. Frp får 14,5 prosent, KrF 5,2 prosent og Venstre 4,6 prosent. Miljøpartiet Dei grøne (MDG) har på målingane stabilisert seg på rundt tre prosent, og gjer med 3,1 prosent si nest beste måling på eitt år. Partiet kom for fyrste gong inn på Stortinget ved fjorårets val.

– Det har heilt klart ein effekt, me har vorte jamt over meir synlege. Det er ein stor skilnad frå å ha stått på utsida til å vera ein del av dei daglege politiske debattane. Framover mot lokalvalet i 2015 er målet at me skal klatre vidare oppover, seier nasjonal talskvinne for MDG, Hanna E. Marcussen.

– Me har eit stort potensial for å vekse framover, og målet på sikt er å ta att Dei grøne-partia i andre land, seier ho.

Neste artikkel

Høyre vil ikke ha nasjonal læreplassgaranti