Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Advokat meiner organiseringa av Mattilsynet bør vurderast på regjeringsnivå

Advokat Brynjar Mørkved meiner avviklinga av pelsdyrnæringa kan vere basert på feil premiss, og meiner organiseringa av Mattilsynet bør vurderast på regjeringsnivå etter ei utgreiing frå ein nøytral instans.

Advokat Brynjar Mørkved meiner organiseringa av Mattilsynet bør vurderast. Montasje. Foto: Jon Rike / Svein Egil Hatlevik

– Bør Næringsdepartement vere ansvarleg for dei kontrollorgana som kontrollerer næringa dei sjølv skal fremje, og bør Mattilsynet og landbrukstilsyn vere i eitt og same organ, spør advokat Brynjar Mørkved.

– Dette handlar djupast sett om ei form for habilitet, seier han.

– Eit forvaltningsorgan med ein agenda?

Etter det vart kjent at ein Mattilsynet-rapport om ein pelsdyrgard i Sandnes i Rogaland var full av feil, har blant andre direktøren i Mattilsynet gått av.

– Saka tyder på at det er enkelte personar i Mattilsynet og/eller eit forvaltningsorgan som har ein agenda å få avvikla pelsdyrnæringa. Handlemåten tyder på lovbrot og gir ikkje grunn for tillit, seier Mørkved.

– Tenestepersonar byrjar å drive politikk, og det bør byråkratar overlate til politikarar. Eller er det slik at det ligg føre misbruk av Mattilsynet? Fakta må på bordet, seier Mørkved.

Bekreftar behov for ekstern gransking

På førespurnad frå Nationen skriv Karina Kaupang, fungerande administrerande direktør i Mattilsynet, i ein e-post at "Mattilsynet si haldning til saker, som pelsdyr, er den som kjem fram i høyringssvar og årsrapportar me publiserer".

Karina Kaupang, fungerande administrerande direktør i Mattilsynet.

– Inspektørane skal føre tilsyn etter det til ei kvar tid gjeldande regelverket, utan å legge andre haldningar til grunn. Me tar historiene me høyrer frå næringsorganisasjonar, bønder og andre på alvor, skriv Kaupang.

– Me må stille oss spørsmålet; utfører me tilsynet vårt på ein riktig måte? Svaret kan me ikkje gi sjølv, det må me få frå ei ekstern gransking, skriv ho.

Vidare svarer Kaupang:

– Den eksterne granskinga skal blant anna sjå på ansvarsfordeling mellom Mattilsynet og dyrevernsnemndene, altså om bruken følgjer intensjon til Stortinget. Granskinga skal også sjå på korleis Mattilsynet utfører og følgjer opp tilsyn. I første omgang skal dei sjå på dette i region sør og vest, og spesielt i Rogaland. Mange av tilbakemeldingane som har kome frå ulike hald gjeld dette fylket. Difor er det naturleg for Mattilsynet å få undersøkt dette nærmare.

Annonse

Ville skilje næringsdepartement og tilsyn

Brynjar Mørkved var leiar i Mattryggleiksutvalet som vart oppnemnd i 1994 av det regjeringsoppnemnde Næringslovutvalet. Mattryggleiksutvalet kom med ei utgreiing som vart tatt inn i "NOU 1996:10 Effektiv matsikkerhet".

Utvalet meinte næringsdepartement ikkje burde ha kontrollfunksjonen samtidig som dei fremjar næringsutvikling.

Brynjar Mørkved, advokat, sat i utval som utarbeida rapport før oppretting av Mattilsynet

I utgreiinga føreslo utvalet å avvikle dei 15 tilsynsordningane som fanst då, og legge tilsynsansvaret til eit nytt direktorat kalla Statens mattilsyn. Dei ville legge forvaltninga av mattilsyn under Helsedepartementet som då heitte Sosial- og helsedepartementet.

I tillegg føreslo utvalet ei opprydding i lov- og forskriftsstrukturen i samsvar med mandatet til det regjeringsoppnemnde Lovstrukturutvalet og utgreiinga "NOU 1992: 32 Bedre struktur i lovverket". Dei føreslo mellom anna ei ny lov om mattryggleik og opprydding i forskriftsstrukturen. Desse forslaga vart i all hovudsak gjennomførte.

– Utvalet meinte næringsdepartement ikkje burde ha kontrollfunksjonen samtidig som dei fremjar næringsutvikling, seier Mørkved.

– Mange eksempel

At Mattilsynet i dag ligg under Landbruks- og matdepartementet, i tillegg til Nærings- og fiskeridepartementet og Helse- og omsorgsdepartementet, meiner Mørkved er problematisk. Dette fordi Landbruks og matdepartementet mellom anna har blitt pålagt å utarbeide lovforslaget om å forby hald av pelsdyr.

– Spørsmålet, med tanke på det me meinte i utvalet, er kor mykje Landbruksdepartementet har fått å seie innanfor mattilsyn. Det finst mange eksempel på at departement har blanda korta, og difor bør ein ta omsyn til den faren ved organisering av tilsynsansvaret, seier Mørkved.

– Det er grunn til å frykte at avviklingstiltaket av pelsdyrnæringa er basert på heilt feil premiss, og det er grunn til å tru at Stortinget vil fatte sitt vedtak med at dei har blitt feilinformert. Me kan ikkje vere trygge på at dei ikkje har fått feil informasjon, seier han.

I ein e-post til Nationen, svarer pressevakt i Landbruks- og matdepartementet som følgjer:

"Det er gjort endringar i leiinga i Mattilsynet. Landbruks- og matminister Olaug Bollestad er opptatt av at ny, fungerande leiar må få anledning til å gjennomføre prosess som er sett i gang for å betre rutinane i Mattilsynet. Det er blant anna varsla ei ekstern gjennomgang av Mattilsynet sin praksis. Utover dette har ikkje Landbruks- og matdepartementet eller statsråd Bollestad nokon ytterlegare kommentar på dette tidspunktet."

Advokat Brynjar Mørkved har skrive eit debattinnlegg i Nationen. Les det her:

Les alt om Mattilsynet-saka her:

Neste artikkel

Høyre-kvinner i Klepp stilte i pels i kommunestyret