Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

137 lokale lister stiller til kommuneval i haust

I alt 137 lokale lister stiller til val i haust på kommunenivå. I tillegg kjem fem lister på fylkesnivå og fem samiske lister.

Horten 20170823. Valg 2017. Det er mulig å stemme på en rekke steder. Når du har avgitt din stemme, skal den stemples. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

Ei ny oversikt frå NRK viser at dei 137 uavhengige listene spenner vidt. I Tvedestrand stiller Xtra-lista, i Larvik Bedre Larvik og i Østfold Hvaler Styrbord​​.

I Buskerud vart Kongsberglista for ein attraktiv kommune største parti i 2015 og prøver igjen i år. By- og bygdelista på Hamar har hatt ordføraren i fire periodar.

Optimum – borgarleg bygdeliste i Namsskogan har tradisjonar over 50 år tilbake. I Sarpsborg går dei rett på sak og kallar lista Det rette partiet.

Annonse

Ifølgje valforskar Bjarte Folkestad ved Høgskulen i Volda kan dei lokale uavhengige listene vere ein protest mot det etablerte. Men det kan òg vere andre grunnar til at dei blir danna.

– Det kan vere personar som ikkje kjem så høgt opp på listene til dei etablerte partia som dei ønsker, og derfor heller startar si eiga liste. Listene kan vere saksorienterte, og handlar om til dømes skulenedlegging eller bompengar, seier Folkestad.

Talet på lokale lister har ifølgje valforskaren vore overraskande stabilt. Etter ein topp på slutten av 90-talet då rundt 45 prosent av kommunane hadde lokale lister, har prosenten stabilisert seg på cirka 30 ved dei siste vala.

Og sjølv om mange kommunar slår seg saman frå 1. januar 2020, er tala på lokale lister ikkje langt unna nivået frå 2015–137 mot 150.

Neste artikkel

Norsk Hyttelag ønsker valgfri stemmekommune