Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

108 tillitsvalde og lokalpolitikarar vurderer å forlate KrF

108 tillitsvalde og lokalpolitikarar som i dag held partiet i gang på lokal- og fylkeslagsnivå, vurderer no å melde seg ut av partiet, skriv NRK.

Det har vore stor bevegelse i medlemstala i KrF sidan landsmøtet førre veke, då den blå sida i partiet vann over avtroppande partileiar Knut Arild Hareide. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Statskanalen sende ei SMS-undersøking til 1.617 KrF-arar i verv, og fekk svar frå rundt 60 prosent. Der kjem det fram at heile 108 av dei tillitsvalde vurderer å melde seg ut.

– Om KrF går inn i regjeringa, trur eg ikkje at KrF lenger er noko parti for meg. Blir vi med, melder eg meg ut, seier kommunestyre­medlem Ole Tom Guse i Forsand kommune.

Annonse

Undersøkinga viser også at det er usikkerheit blant KrFs styremedlemmer, sekretærar og andre som er i verv i partiet. Mange av dei trekker fram eit mogleg samarbeid med Frp som spesielt problematisk.

Det har vore stor bevegelse i medlemstala i KrF sidan landsmøtet førre veke, då den blå sida i partiet vann over avtroppande partileiar Knut Arild Hareide. Sidan har 850 medlemmer meldt seg ut av partiet. Det er uvisst kor mange av dei som var tillitsvalde eller folkevalde.

Neste artikkel

Sp: – Postloven blir ikke endret i år