Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

10 fylkesleiarar i Høgre gjer pelsdyropprør mot partileiinga

Ti av fylkesleiarane i Høgre gjer opprør mot partileiinga i pelsdyrsaka. Dei ti meiner pelsdyrbøndene må få betre kompensasjon.

Statsminister Erna Solberg (H) har fått brev fra eigne fylkesleiarer som protesterer mot kompensasjonen pelsdyrbøndene skal få. Bak Trine Skei Grande (V), kKultur og likestillingsminister. Foto: Siri Juell Rasmussen

Det er nettavisen.no som har fått tilgang til eit brev der ti av fylkesleiarane i partiet gir klar beskjed om at den føreslegne kompensasjonen til pelsdyrbøndene som regjeringspartia har presentert, ikkje er god nok.

Fylkesleiar for Høgre i Hordaland, Tom Georg Indrevik, er ein av dei som har signert brevet.

– Når ein vedtek å leggje ned ei næring, må ein sikre moglegheit til å avvikle næringa på ein verdig måte, seier Indrevik til Nettavisen.

Annonse

Han beskriv det å leggje ned ei nærings om "spesielt".

Fylkesleiar for Høgre i Rogaland, Elin Schanche, kanskje det største pelsdyrfylket i landet, etterlyser også betre ordningar for dei som må avvikle som følge av Granavolden-plattforma.

– Dette er eit politisk næringsforbod, der ei næring blir lagt ned, og det har aldri blitt gjort før, seier ho til nettavisen.

Schanche viser til dei prinsippa for vederlag som gjeld når staten eksproprierer eigedom til dømes for å byggje veg, må kunne brukast for å gi dei råka bøndene godt nok vederlag.

Ho seier til nettavisa at mange opplever at denne saka rokkar ved grunnleggjande verdiar i Høgre, som respekt for einskildmennesket, rettsvern og eigedomsretten.

Neste artikkel

Full bompengesplid mellom Venstre og Frp truer regjeringen