Kronikk Dette er en kronikk, skrevet av en ekstern bidragsyter. Kronikken gir uttrykk for skribentens holdninger.
Plassdanninga i Regjeringskvartalet rundar 50 år i 2019. I jubileumsåret har sittande regjering vedteke å rive Y-blokka.
Meir enn éin av tre ungdommar mellom 15 og 24 år seier dei er meir politisk engasjerte etter 22. juli. Interessa for politikk aukar også i resten av befolkninga, viser ferske tal frå forskingsstiftinga Fafo.
Erling Viksjø og Carl Nesjar har samarbeidd i utvikling av eit høgtfungerande offentleg byrom, basert på forståinga av korleis vere menneske i arkitekturen. Arkitekten arbeider med skulptural presisjon, større og mindre samanhengar skaper rom og relasjon og naturbetongens beskaffenhet gir uttrykk og materialet. Kunst og arkitektur er konkretisert i skala og størrelsar vi kan kjenne oss igjen i, og arkitekten setter henvendelsen til publikum på dagsorden på ein måte vi vanskeleg kan gjenskape med digitale renderings- og databaserte teikneprogram.
Den offentlege plassdanninga i Regjeringskvartalet gir oss moglegheita som nasjon til å reflektere over våre verdiar og kva vi har oppnådd. Utforminga av plassen er det materialiserte formsvaret på det historiske skiftet frå embetsmannsstat til folkestyre. Etter 1945 var det ikkje lenger like nærliggande å markere ministermakt gjennom rojale symbol. Dragkampen var over – kongemakta symbolisert og ministermakta grunnfesta. På Y-blokka inntar Picassos Fiskere den plassen septeret var tiltenkt etter Bull sine teikningar. Og Høgblokka – tilsvarande midtfløyen der krona skulle stråle i raud granitt – symboliserer statsmakt utelukkande gjennom sin ruvande skikkelse.
Arkitekturen i Regjeringskvartalet er den sentrale historisk-politiske parallellen til kunstprosjekta i Universitetets aula. Det nasjonale prosjektet som vaks fram etter oppnådd sjølvstende i 1905, utløyste ei ny kulturell sjølvforståing. I og med det politiske retningsskiftet vart heroiske, ideologiserte og mytologiske figurar sett til side, til fordel for nye identifiserte portretter av den lokale fiskaren og bondekvinna. Kunstprosjekta i Universitetets Aula manifesterer ein ny identitet og Edvard Munch plasserer sola i det norske landskapet.
Regjeringas vedtak om å rive Y er basert på behovet for sikkerheit, eit mindre parkbehov og behovet for meir plass til dei tilsette i regjeringskontora. Men det er grunn til å anta at den eigentlege klienten i vedtaket om å rive Y er Norge som kulturnasjon.
I forbindelse med forskingsprosjektet Spørsmål om kontinuitet har vi undersøkt plassdanninga i Regjeringskvartalet i eitt grensefagleg samarbeide mellom kunstnar, arkitekt og studentar ved Bergen Arkitektskule. Vi har dokumentert R i handteikning og digitale diagram, reflektert over situasjonen som heilskap og verneverdien av dokumentert materiale spesielt, samt levert høyringssvar til Statsbygg i 2016.
Funn frå undersøkinga viser at Regjeringskvartalet er ein høgtfungerande plassdanning. Eit stort antal gåande og syklande nyttar seg av plassen på veg til og frå jobb, mellom anna fordi mjuke og harde trafikantar er skilt ad via lokket over Ring 1. Men også fordi R er planlagt som eitt grunnleggande demokratisk byrom med god sirkulasjon og tilgjengelegheit. Skal ein sjå det store bilde for Oslo indre by, så er det Ring 1 som skaper problem og ikkje Y-blokka. Dette gjeld både sikkerheit og miljø.
Premissane for plassdanninga er undersøkt nærmare i teikning. Det viser seg at dersom Y-blokka fell vil grunnlaget for plassen som vi kjenner den i dag ikkje lenger vere til stades. Skala og forløp i arkitekturen er sydd saman med opplevingshorisontar og perspektiv i eitt kontinuerleg forløp gjennom byrommet. På same tid er det tatt særleg omsyn til menneske i arkitekturen. Det skal også vere sagt at Picassos’ monumentalarbeide Fiskerne står i ein overgang mellom by og land, og vil vere eit redusert åndsverk utan sin rommelege relevans og rolle som sentralt folkeleg symbol med retning Akersgata og Karl Johan.
Samtidig kulturforståing står i eitt nytt paradigme, og fokus er flytta frå visuelle og tekstbaserte uttrykk til refleksjon over verkelege og historiske hendingar. Dette er ein konsekvens av ei rekke politiske kriser, 9/11, Irak-krigen, finanskrisa og 22. juli.
Sett i samanheng har desse hendingane forårsaka ei postkritisk tilstand der kunst og arkitektur-kanon som vi kjente den, vert sett ut av spel. Etter 25 år er ny kulturforståing kartlagt og likeverdet mellom kunst og arkitektur er etablert.
Det er ikkje bygningane i Regjeringskvartalet, men situasjonen som formidlar historia om folkestyre. Det handlar om publikum sitt forhold til den konkrete plassen, den til ei kvar tid sittande regjering og ulike personar sine handlingar. Plassdanninga er eitt stad vi kan identifisere oss med, eitt kulturelt norsk og internasjonalt tyngdepunkt, eitt sentralt møtepunkt, ein plass for alle, eitt stad for å legge til handlingar, å skape ritual, også inn mot ei framtid vi ikkje kjenner omfanget av i dag.