kven skal eige jorda
Over heile Europa er eigarskap til naturressursar som jord, skog og fisk, i endring.
I ein artikkelserie sommaren 2016 såg Nationen på korleis eigarskapet i ulike europeiske land utviklar seg. Kva for betydning har ulikt eigarskap for landbruket og matproduksjonen?
Artikkelserien fekk støtte frå stiftinga Fritt Ord og vann Internasjonal reporter-diplom under SKUP-konferansen i 2017.
Serien vart i 2018 gitt ut som bok i samarbeid med Res Publica.
Sommaren 2018 kjem oppfølgaren til artikkelserien; "Kampen om naturressursane", der Nationen ser på kven som har makt over vasskrafta, skogen, havet, vinden og over matjorda vår.