Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Zero: – Det skal bli dyrare å forureine, men ikkje dyrare å leve

– Jobben vår er ikkje å stille oss bak klimaopprøret eller heie på det. Jobben vår er å finne gode svar på kva vi skal gjere, sa dagleg leiar Marius Holm i Zero i opningstalen på Zerokonferansen 2019.

Dagleg leiar i Marius Holm i Zero under opningstalen sin på Zerokonferansen 2019. Foto: Alexander Eriksson / Zero

Onsdag og torsdag er om lag 1000 personar frå miljøorganisasjonar, næringsliv og politikk samla på Zerokonferansen i Oslo. I dei innleiande innlegga blei samarbeid mellom myndigheiter, borgarar og næringsliv peikt på som viktige faktorar for å få til grøn vekst.

– Klimapolitikk kan truge arbeidsplassar, konkurransekraft og velferd. Klimapolitikken kan gjere livet surt for folk i distrikta. Vi vil alle vil ha handling, men når verkemidla kjem, er vi ikkje like sikre. Vi må gradvis tredoble CO2-avgifta og gi alle pengane tilbake til innbyggjarane og til næringslivet. Næringslivet skal få tilbake i form av investeringsstøtte og innbyggjarane skal få tilbake direkte. Det skal bli dyrare å forureine, men det skal ikkje bli dyrare å leve og jobbe i Noreg, sa Holm.

Ressursproduktiviteten må opp

Den første debatten under konferansen dreia seg om grøn vekst er mogleg.

– Vi kan ikkje ha evig vekst på ein avgrensa klode. Dei som trur det må vere: «either a madman, or an economist», sa førsteamanuensis Per Espen Stoknes ved BI under debatten og refererte til eit kjent sitat av Sir David Attenborough.

Han peika på at vi må ha meir fokus på ressursproduktivitet for å få til ei grøn omstilling det monnar av.

– Grøn vekst kan vi definere som ein auke i verdiskapinga, som samstundes gir lågare samla miljøbelasting. Då må ressursproduktiviteten, altså verdiskaping per ressursreining, betrast med over 5 prosent per år og det er det mogleg å få til, sa Stoknes.

Annonse

Han viste til at ressursproduktivitet er eit samleomgrep for karbon-, nitrogen-, areal- og mangfaldsproduktivitet og at grøn vekst berre er mogleg om vi samla har høg nok ressursproduktivitet.

– Det er teoretisk mogleg. Det er teknologisk mogleg. Men berre om marknaden, myndigheitene og borgarane jobbar saman og prioriterer dette, vil endringane komme raskt nok, sa han.

Politikarane må tore å ta «upopulære val»

– Vi som forbrukarar har utruleg makt til å kunne endre industrien og handlingane til politikarane. Myndigheitene har eit ansvar for å gå i front, men dei er redde for å misse veljarar, sa rådgivar og forskar ved Norsk institutt for naturforsking (NINA) Trine Hay Setsaas under debatten.

Ho peika på røykjelova som eit eksempel på at upopulære politiske val etter kvart kan bli godt likt av alle i eit samfunn.

– Politikarar kan og bør gå i front. For då kjem folket etter, om det er gode tiltak, sa ho.

Per Espen Stoknes var samd med Setsaas.

– Eksempelet med røykjelova er fantastisk. Det har vore forska mykje på dette. Ofte vil politikarhandling føre til haldningsendringar blant folk som igjen vil føre til meir ambisiøs politikk frå myndigheitene. Ein kan få ein positiv sjølvforsterkande sirkel, sa han.

Neste artikkel

Nytt stoff kan redusere metanutslepp frå kyr