Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Yrkestrafikkforbundet meiner vedlikehald og utbetring av vegnettet bør bli prioritert

Vedlikehaldsetterslepet på norske vegar er anslått til å ligge opp mot 600 milliardar kroner. I eit innspel til Nasjonal transportplan tek Yrkestrafikkforbundet til orde for å prioritere det, framfor nye prosjekt.

Forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, Jim Klungsnes. Foto: Per Christian Lind
Forbundsleiar i Yrkestrafikkforbundet, Jim Klungsnes. Foto: Per Christian Lind

– Når ein køyrer langs norske vegar, særleg i Distrikts-Noreg, legger ein tydeleg merke til vedlikehaldsetterslepet, seier forbundsleiar Jim Klunges i Yrkestrafikkforbundet, i ei pressemelding.

Rådgivande Ingeniørers Forening anslo i rapporten «State of the nation» at vedlikehaldsetterslepet og oppgraderingsbehovet på fylkesvegane er opp mot 600 milliardar kroner. For dei kommunale vegane er det opp mot 300 milliardar kroner.

– Dei fleste innspel til NTP, frå kommunar og fylkeskommunar, handlar om at dei ønsker nye bruer, tunnelar og motorvegar. Våre medlem etterlyser at dei i større grad held ved like og utbetrar dei eksisterande strekningane, seier Klungnes.

Annonse

Betre opplæring av sjåførar

I innspelet krev YTF at arbeidet med å utbetre ras- og skredutsette vegar blir skunda. Dei vil mellom anna ha betre belysning, vegbreidde og rømmingsvegar.

– Når det skjer ulykker i tunnelar, er ofte yrkessjåførar dei første på staden. Derfor ønsker vi òg at opplæringa av yrkessjåførar skal legge større vekt på evakuering og handtering av ulykker og brann i tunnelar, seier Klungnes.

Neste artikkel

Veienes hovedvei i Norge