Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

WHO: Mikroplast i vatn har låg helserisiko

Folk treng ikkje å vere bekymra over små plastpartiklar i drikkevatnet, ifølgje ein rapport frå Verdshelseorganisasjonen (WHO).

illustrasjonsfoto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Det meste av den såkalla mikroplasten som blir svelgd, forlèt kroppen etter at han har gått gjennom fordøyingssystemet, seier WHO torsdag om ein rapport som samanfattar dei få, men stadig fleire vitskaplege studiane som finst om mikroplast.

– Vi er ikkje redde på nokon som helst måte, seier WHOs vassekspert Bruce Gordon på ein pressekonferanse i forkant av publiseringa av rapporten.

For å vurdere kor stor risikoen er for at kjemiske tilsetningsstoff blir frigitt frå svelgd plast, har FN-organisasjonen tatt utgangspunkt i eit verstefalls-scenario for storleik og konsentrasjon av partiklane inni menneskekroppen.

Annonse

WHO fann at det var ein «betydeleg sikkerheitsmargin» mellom det faktiske kjemikaliumopptaket i kroppen og nivåa som ville bli sett på som skadelege, fortel Gordon.

På grunn av dei låge risikoane, seier WHO at land ikkje bør bekymre seg for mikroplast i drikkevatnet. Dei bør heller gjere meir for å investere i vassbehandlingssystem generelt for å fjerne skadelege mikroorganismar som gjer at 500.000 døyr av diaré kvart året.

Rundt 2 milliardar menneske i verda drikk vatn som er forureina av avføring.

WHO understrekar at forbrukarar og styresmakter må redusere bruken av plast generelt for å verne miljøet.

Neste artikkel

Danskene skal gjenbruke emballasjen til kjøttdeigen