Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Virke fryktar dobling av grensehandelen

Dersom utviklinga held seg stabil kan det skje innan 2030.

Nordmenn handler stadig mer i Sverige. Innen de neste ti årene kan grensehandelen ha doblet seg, fra 17,6 milliarder kroner i fjor til 30 milliarder i 2030. Her fra Nordby Supermarket i Sverige. Illustrasjonsfoto: Geir Olsen / NTB scanpix
Nordmenn handler stadig mer i Sverige. Innen de neste ti årene kan grensehandelen ha doblet seg, fra 17,6 milliarder kroner i fjor til 30 milliarder i 2030. Her fra Nordby Supermarket i Sverige. Illustrasjonsfoto: Geir Olsen / NTB scanpix

Matvareprisane har dempa prisveksten i Noreg det siste året. Likevel blir dei peika på som den viktigaste årsaka til den hyppige grensehandelen, skriv Virke i ei pressemelding.

Torsdag hadde dei invitert til frukostmøte der dei gjekk gjennom fakta om norske matvareprisar.

Ein ny analyse viser eksempel på at om lag 30 prosent av prisforskjellen på matvarer i Noreg og Sverige kan tilskrivast norske særavgifter.

Frå 2008 til 2019 steig grensehandelen ifølgje Statistisk sentralbyrå og anslag frå Virke frå 8,9 til 17,6 milliardar kroner.

Ein prognose frå Virke viser at dersom utviklinga held fram i same banar, så vil grensehandelen utgjera over 30 milliardar kroner om ti år.

I tillegg viser SSBs pilot for grensehandelsbarometer at grensehandelen kan vera langt høgare.

Ber politikarane ta ein kikk

Annonse

– Frå 2008 har veksten i grensehandelen vore nesten dobbelt så sterk som veksten i norsk daglegvarehandel. Dette sender norske arbeidsplassar og verdiskapinga rett over grensa. Tal frå SSB viser at ein markant del av handlekorga i utlandet er fylt med brus, mineralvatn, alkohol, snus, tobakk og søtsaker. Hamstring på grensa går med det ut over folkehelsa, seier direktør Ingvill Størksen i Virke daglegvare.

Avgifter og råvareprisar forklarar store delar av prisforskjellane, har Samfunnsøkonomisk analyse kome fram til i ei kartlegging.

– Forskjellane i avgifter og råvarepris forklarar mykje av prisforskjellane. I tillegg kjem forskjellar i lønskostnadar, marginar og avkastning på kapital, transportkostnadar på grunn av spreidd busetting, og produktivitetsutvikling, seier Rolf Røtnes, fagdirektør i Samfunnsøkonomisk analyse.

Størksen i Virke håpar politikarane vil gå inn i saka og sjå på særavgiftene.

– Prisforskjellane er den viktigaste grunnen til at nordmenn handlar på grensa. Me ser at grensehandelen aukar enormt, trass i at matvareprisane drar ned prisveksten i Noreg. No må politikarane ta tak i særavgiftene. Grensehandelen – og matprisane – er langt på veg politisk styrt, seier Størksen i Virke.

Sterk konkurranse i daglegvara

Prisveksten på matvarer og alkoholfrie drikkevarer var på 1 prosent i 2019, medan konsumprisindeksen var på 2,2 prosent. Matvareprisane gjorde dermed sitt for å bidra til dempe den samla prisveksten i Noreg i 2019.

– At prisveksten er såpass låg kan vitne om at det er sterk konkurranse blant dei få store aktørane i daglegvaremarknaden. Me ser at dei nyttar seg av priskampanjar og ulike «priskrigar» opp mot høgtidene, seier Kjersti Nyborg Hov, seniorrådgjevar i SSB.

Neste artikkel

Redaktør mener Norge risikerer å tape kampen om havvind