Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindkraftmotstandarar på Haramsøya ankar rettsavgjerd

Organisasjonen Nei til vindkraft på Haramsøya har bestemt seg for å anka avgjerda til Sunnmøre tingrett etter at retten torsdag sa nei til å stoppa vindkraftutbygginga til konsesjonsspørsmålet er behandla rettsleg.

Leiar i «Nei til vindkraftverk på Haramsøya», Birgit Oline Kjerstad, seier at dei har bestemt seg for å anka avgjerda i Sunnmøre tingrett til lagmannsretten. Foto: Privat
Leiar i «Nei til vindkraftverk på Haramsøya», Birgit Oline Kjerstad, seier at dei har bestemt seg for å anka avgjerda i Sunnmøre tingrett til lagmannsretten. Foto: Privat

– Vi har bestemt oss for å anka til lagmannsretten, seier leiar i Nei til vindkraft på Haramsøya, Birgit Oline Kjerstad til Sunnmørsposten.

Annonse

Ho seier dei ikkje er overraska over dommen frå Sunnmøre tingrett, men at dei er usamde i avgjerda retten har kome fram til.

Ifylgje advokatane til vindkraftmotstandarane som avisa har snakka med, vil ankesaka truleg koma opp i lagmannsretten rundt årsskiftet.

(©NPK)

Neste artikkel

Går mot byggestart for nytt slakteri i Gudbrandsdalen våren 2021