Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vindkraftmotstandarar mobiliserte framfor Stortinget

Tilreisande frå mange stader i landet deltok da det vart markert motstand mot vindkraft framfor Stortinget søndag.

Foto: Beate Haugtrø / NPK

Tilreisande vindkraftmotstandarar frå heile landet samla seg framfor Stortinget for å vidarebringe bodskapen «nok er nok» søndag. Det var fem privatpersonar med Yngve Lund Bråthen i bresjen som stod for «Markering mot vindindustri i norsk natur».

Annonse

Motstandarar mot utbygging blant anna på Finnskogen i Elverum, på Frøya og Sørmarkfjellet i Trøndelag, på Haramsøya i Møre og Romsdal, Bremanger i Sogn og Fjordane og mange andre stader i landet mobiliserte for å vise motstand mot utbygging i sine lokale naturområde.

Eit gjennomgåande argument under markeringa, var bevaring av det trua artsmangfaldet, og at å bygge vidare på vasskraft som energikjelde og å spare energi er ei meir skånsam løysing for naturen. Konsekvensar av vindkraft som infralyd og vibrasjonsstøy, folkehelse og trusselen mot samisk reindrift vart og løfta fram.

Mellom anna Norges Miljøvernforbund, La Naturen Leve og Naturvernforbundet var med på aksjonen. Representantar frå både Raudt, SV, MDG, Frp og Kystpartiet, samt ungdomsorganisasjonen Noereh og organisasjonen Motvind deltok med innlegg. Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) og statssekretær Liv Lønnum frå Olje- og energidepartementet var til stades for å svare motstandarane. ©NPK

Neste artikkel

Danskene skal gjenbruke emballasjen til kjøttdeigen