Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Villreinutval vil fella 7.000 reinbukkar

Hardangervidda Villreinutval foreslår ein fellingskvote på 7.000 vaksne bukkar i haust.

Eit reinsdyr blir undersøkt for skrantesjuke ved Veterinærinstituttet. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix/ NPK
Eit reinsdyr blir undersøkt for skrantesjuke ved Veterinærinstituttet. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix/ NPK

Årsaka er kravet frå Mattilsynet om at ein raskast mogleg må finna ut om villreinbestanden er smitta av skrantesjuke, skriv NRK.

Jegerar, grunneigarar og fjellstyre har gått saman om eit opprop mot den store fellingskvoten. Dei meiner den store kvoten er eit eksperiment som ingen heilt sikkert kjenner konsekvensane av. Vidare meiner dei at reinsdyrstamma blir utsett for mykje stress ved å gjera det på denne måten.

Annonse

Sidan det første funnet av skrantesjuke i mars 2016, har det ikkje blitt funne sjuke dyr utanfor Nordfjella.

Skrantesjuke er svært smittsamt, og dersom sjukdommen spreier seg ut av smittesona i Nordfjella, vil det få store følgjer.

Mattilsynet peikar på at det er uvisse knytt til kor mange dyr det er mogleg å fella under jakta. For å nå målet, meiner tilsynet at er viktig at mange dyr blir tatt ut alt under jakta hausten 2019.

(©NPK)

Neste artikkel

Regjeringa vil sikre levekåra til villreinen