Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil ta ut 40 moskusar på Dovrefjellet

I september var bestanden oppe i 260 dyr. Grunnen til uttaket skal vere ein auke i talet på kalvar.

Kalvane er ikkje like sjuke som dei har vore tidlegare år. Derfor vil Miljødirektoratet ta ut 40 dyr fram mot utgangen av mars 2021. Foto: Bjørn Rangbu/Fylkesmannen i Trøndelag
Kalvane er ikkje like sjuke som dei har vore tidlegare år. Derfor vil Miljødirektoratet ta ut 40 dyr fram mot utgangen av mars 2021. Foto: Bjørn Rangbu/Fylkesmannen i Trøndelag

Miljødirektoratet har bestemt at det skal bli tatt ut 40 moskusar i Dovre fram til våren 2021. Målet er å halde bestanden på rundt 200 vinterdyr i området på Dovrefjell, skriv dei i ei pressemelding.

– Ved å reduserer bestanden ned mot bestandsmålet, blir også risikoen for at dyra går ut av kjerneområdet og blir ein trussel for menneske og allmenn ferdsel, seier Ivar Myklebust, avdelingsdirektør i Miljødirektoratet.

Teljinga som vart utført i slutten av september, viste at det er 260 dyr i området no.

– Utfordringar knytt til sjukdom vil òg bli reduserte når bestanden blir mindre, seier han.

Moskuskalvane er friskare enn før

Dei siste åra har mange av kalvane døydd av sjukdommar som munnskurv eller lungebetennelse mellom juli og oktober. No er det fleire av kalvane som overlev.

Annonse

– Dødelegheita er lågare enn snittet dei siste åra. Vi har registrert mindre sjukdom i år samanlikna med tidlegare år, noko som har vore eit mål med å halde bestanden på rundt 200 dyr, seier Morten Kjørstad, direktør i Statens naturoppsyn.

Fakta om moskus

• Er opphavleg frå Alaska, Canada og Grønland

• Vart sett ut i Norge mellom 1947 og 1953, som eit tiltak for å hindre utrydding

• Det er ikkje vist at arten har ein negativ effekt på andre artar i området

• Moskusen i Norge er frå Grønland

• Dei kan bli opp til 25 år gamle

• Den første utsettinga i verda vart gjort på Gurskøya på Sunnmøre i 1925

• I dag finst det om lag 135.000 moskusar omkring i verda

Kjelde: Wikipedia og Miljødirektoratet

Den andre kalveteljinga i år viser at det er om lag 65 kalvar og 195 vaksne dyr. Teljinga blir leidd av SNO, men Oppdal Bygdeallmenning, fjellstyra i Lesja og Dovre, og fylkesmannen i Trøndelag bidreg også i teljingane.

Fylkesmannen i Trøndelag har det daglege ansvaret for forvaltinga. Moskusen er ikkje opphavleg i Norge, men vart sett ut mellom 1947 og 1953. Det er ikkje vist at dyra er skadelege for det opphavlege miljøet.

Feltpersonell skal gjere uttaket

Det er feltpersonellet til Miljødirektoratet i Statens naturoppsyn som skal gjere uttaket.

– Uttaket skal vere så skånsamt som mogleg, og vil derfor bli retta mot små grupper av dyr og enkeltindivid. Det er viktig for oss å gjere det på ein måte som sørgar for at di andre dyra ikkje endar åtferd, seier Kjørstad.

Neste artikkel

Den nye arten gullsjakal blir rekna som naturleg innvandrar