For om lag 300 år sidan var det lovpålagt å ha eigne humlehagar der det var vekstforhold for det. I dag finst det nesten ikkje kunnskap om tradisjonell dyrking i Norge. NIBIO har forska på humle sidan 2013, og har no laga ein rettleiar til dei som ønsker å dyrke eiga humle til heimebrygget.
– Kunnskapen om tradisjonell dyrking av humle har dessverre forsvunne. Derfor treng vi å skaffe ny kunnskap og hauste nye erfaringar om korleis planta kan bli dyrka effektivt i dag, seier Mette Thomsen. Ho er forskar i divisjon for matproduksjon og samfunn hos NIBIO.
Humle er ein viktig ingrediens i ølbrygging, saman med malt, vatn og gjær. Planta veks vilt i Norge, og er registrert så langt nord som Pasvik i Finnmark. Forskarane håpar den nye rettleiaren kan bidra til at kulturplanta humle blir produsert i stor skala også her i landet.
Framleis eit stykke å gå
Nibio forskar no på kva planter som kan eigne seg best til det norske klimaet, men det er ei stund til før Norge kan vere sjølvforsynt på humle.
– Det er ei klimatisk utfordrande oppgåve. Mykje av arbeidet vi har gjort har gått på norske planter, og vi har samla inn materiell frå heile landet. Vi har i alle fall identifisert ein tysk sort, men vi kan ikkje umiddelbart seie kor dei ulike plantene kjem frå, seier Thomsen.
Ho seier utfordringane ved å importere humle for å dyrke dei i Norge, er at dei ikkje er tilpassa klimaet.
– For å kome vidare med norsk humleproduksjon må vi fokusere i større grad på å finne norsk plantemateriell, men vi må teste både norske og utanlandske sortar, seier ho.
Kan bli heilt unikt
For å finne ei plante som kan blir produsert i stor skala her i landet, er det viktig å kome i gang med større testing av ulike planter.
– Viss ein ønsker å produsere norsk humle, er det viktig å kartlegge plantene. Vi kan velje ut frå duft og smak, og finne plantene som har potensial til å bli dyrka vidare. Dersom vi har fem til ti planter som kan vere varemerka norsk humle, skal ikkje vi sjå vekk frå at vi finn noko som er heilt unikt, nettopp fordi vi har dei vekstvilkåra vi har i dette landet, seier Thomsen.
I tillegg til å bidra til smak og aroma i øl, fungerer også humla som konserveringsmiddel og gjer at ølet held seg godt lenger.