Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil koste 40 milliardar å rassikre vegane på Vestlandet

Det vil koste 40 milliardar kroner å rassikre riks- og fylkesvegane på Vestlandet.

Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK
Arkivfoto: Marit Hommedal / NTB scanpix / NPK

Det skriv avisa Firda som viser til ein rapport frå Statens vegvesen om skredsikringsbehova i Region Vest.

Annonse

Det er i Sogn og Fjordane at behovet for opprusting er størst. Det vil koste om lag 22 milliardar å rassikre riks- og fylkesvegane i det gamle fylket nord i Vestland.

– Behova er enorme, og klimaendringane gjer at dei blir endå større. Rassikringsløyvingane må minst doblast. Her må staten meir på banen, seier Jenny Følling (Sp), samferdslepolitikar i Vestland og varaordførar i Sunnfjord kommune, til Firda.

I Rogaland er kostnaden for å rassikre rekna til å vere 3,2 milliardar kroner. I Hordaland vil det koste om lag 14,8 milliardar.

Neste artikkel

Innbyggere fremdeles isolert etter jordras på Osterøy