Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil ha verdas fyrste utsleppsfrie bulkskip

HeidelbergCement og Felleskjøpet Agri går saman mot reiarlagsmarknaden og kan tilby ein langvarig transportkontrakt til reiarlaget som kan tilby eit utsleppsfritt bulkskip.

Fredag 3. juli blei planane for eit nytt utsleppsfritt bulkskip presenterte. Frå venstre: Halfdan Blytt, direktør for produksjon og vareforsyning i Felleskjøpet Agri, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og Per Brevik, direktør for bærekraft i HeidelbergCement.
Fredag 3. juli blei planane for eit nytt utsleppsfritt bulkskip presenterte. Frå venstre: Halfdan Blytt, direktør for produksjon og vareforsyning i Felleskjøpet Agri, klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn og Per Brevik, direktør for bærekraft i HeidelbergCement.

– I dag er det ein merkedag for meg. Det er rett og slett fantastisk at Grønt Skipsfartsprogram har bidratt til at to så viktige vareeigarar – Felleskjøpet Agri og Heidelberg Cement – har funne saman for å skape ei utsleppsfri sjørute mellom aust og vest, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Fredag 3. juli lanserte partane ein «Request for Interest» – eit anbodsdokument der dei tilbyr aktørar som byggjer lasteskip høvet til å byggje eit utsleppsfritt lasteskip med sikkerheit i ein potensiell langvarig kontrakt, skriv Felleskjøpet på nettsidene sine.

Anbodsdokumentet blei overlevert til klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn ved Felleskjøpets fabrikk på Kambo utanfor Moss.

– Dette er nytt og banebrytande. Eg har stor tru på at denne lanseringa gir oss verda første utsleppsfrie tørrbulk lasteskip, seier statsråden.

Annonse

Korn ein veg – stein den andre

Felleskjøpets direktør for produksjon og vareforsyning, Halfdan Blytt, meiner dette markerer eit klart skilje. Han seier at Felleskjøpet Agri har ambisjonar om å vera eit nullutsleppsselskap innan 2050.

– Når me no går ut og tilbyr langvarig transportkontrakt på eit nullutsleppsskip, er det ein klar viljeserklæring som viser at berekraft står sentralt i selskapet. Regjeringa har ambisiøse mål om utsleppskutt i skipsfarten, og saman med HeidelbergCement ønskjer me å bidra til at måla blir nådd. Det er om lag 300 tilsvarande skip i trafikk langs norskekysten som potensielt kan bli utsleppsfrie, seier Blytt.

Saman med Grønt Skipsfartsprogram har aktørane funne saman og etablert ei potensiell transportrute der korn fraktast frå aust til vest, og stein den andre vegen.

Stort potensial

Per Brevik, direktør for berekraft i HeidelbergCement, meiner kontrakten har eit stort potensial.

– Dette prosjektet er ganske unikt. HeidelbergCement viser med satsing på utsleppsfrie skip at me går frå ord til handling, som med karbonfangstanlegget i Brevik. Sjøtransport er effektivt, fornuftig med omsyn til kostnadene og det er miljømessig langt betre enn å transportere med bil som ville vore alternativet.

Neste artikkel

Én av tre frykter at klimapolitikken vil føre til færre jobber