Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil ha lokale krefter med i nedkjempinga av skrantesjuke

Villreinnemndene rundt Hardangervidda vil at Noreg skal leie an i forsking på skrantesjuke hos villrein.

Villreinnemndene frå områda rundt Hardangervidda meiner det er viktig at erfaringane frå Nordfjella blir med når bekjempinga av skrantesjuke på Hardangervidda skal bestemmast. Foto: Runar Tufto.
Villreinnemndene frå områda rundt Hardangervidda meiner det er viktig at erfaringane frå Nordfjella blir med når bekjempinga av skrantesjuke på Hardangervidda skal bestemmast. Foto: Runar Tufto.

Å bruke erfaringar frå amerikanske nedkjemping av skrantesjuke på hjort og elg ikkje er godt nok, meiner dei.

Sentrale personar frå villreinnemndene og -utvala rundt Hardangervidda har vore samla for å drøfte problemstillingane etter at det vart funne skrantesjuke (CWD) på ein rein i Vinje i Telemark.

I ei pressemelding som dei har gitt ut etter møtet skriv dei at medan Mattilsynet, Miljødirektoratet, Veterinærinstituttet og andre fagmiljø drøftar mogleg strategiar og tiltak for å handtere smitten på Hardangervidda, er det viktig at den lokale forvaltinga blir gitt reell moglegheit til å delta.

– Fordi vi er nærast der det skjer, og utgjer det viktige bindeleddet til rettshavarar og jegerar.

Det var tidlegare denne månaden at prøver tekne av ein reinsbukk felt i Vinje i Telemark viste smitte av skrantesjuke.

– Noreg har frå før eit internasjonalt ansvar for villrein, og det er ikkje lenger godt nok å «adoptere» erfaringar og kunnskap frå CWD på hjort og elg i Nord Amerika.

På møtet var representantar for villreinnemnda for Hardangerviddaområdet og villreinnemnda for Nordfjella, Fjellheimen og Raudafjell.

Dei seier at dei lokale forvaltingsorgana ønskjer å arbeide for og bidra til at det kjem mest mogleg fakta på bordet.

– Vi ønskjer å spele på lag med dei nasjonale styresmaktene, og gi konstruktive innspel til prosessen vidare. Det føreset at styresmaktene er villige til å lytte på råda og innspela dei får.

Villreinnemndene meiner at alle praktiske tiltak, anten det er teljingar, uttak av dyr for prøvetaking eller liknande, må drøftast med den lokale forvaltinga.

– Lang erfaring frå jakt og forvalting gjer at gruppa meiner å ha mykje å bidra med for å sikre at dyra ikkje blir unødig stressa.

I Noreg er det i dag 24 villreinområde, fordelt over store delar av Sør-Noreg. På heimesidene til Norsk villreinsenter blir det opplyst at det vinterstid er om lag 25.000 villrein i Noreg, og at den største bestanden er på Hardangervidda. Der er det rundt 10.000 villrein om vinteren.

Ei villreinnemd er ei offentleg nemnd der medlemmer og varamedlemmer er utnemnt av Miljødirektoratet. Kvar kommune som har villreinareal førslår medlemmer til nemda i sitt område.

Neste artikkel

Villreinjakta startar – kan få tilskot til å fly ut slakt med helikopter