Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil ha hjelpegruppe for bønder mot Mattilsynet

Ein sentral Frp-politikar i Rogaland ynskjer å starte opp ei hjelpegruppe for bønder som har opplevd Mattilsynet som urettferdig.

Margrete Dysjaland (Frp) vil ha en hjelpegruppe for bønder. Foto: Landbruks- og matdepartementet
Margrete Dysjaland (Frp) vil ha en hjelpegruppe for bønder. Foto: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesordførarkandidat for Frp i Rogaland og bonde, Margrete Dysjaland, seier til NRK at ho har vore i kontakt med mange bønder som har hatt dårlege opplevingar med Mattilsynet, og at ho derfor tar initiativ til å opprette ei gruppe.

– Eg har fått så mange telefonar frå bønder, frå slaktarar og andre fok. Alle trudde at det berre var dei Mattilsynet ikkje likte. Men no veit dei at dei ikkje lengre er åleine, seier ho til NRK.

Annonse

Arbeidsgruppa skal vere tilgjengeleg for bønder i heile landet. Dysjaland seier det skal vere med folk frå kjøt- og mjølkeindustrien, bonderepresentantar, nokon som kan HMS, og gjerne nokon frå Mattilsynet.

Dysjaland kallar inn til møte 20. august på Jæren for å høyre om bøndene sine opplevingar med Mattilsynet, og for å starte arbeidet mot ei hjelpegruppe.

(©NPK)

Neste artikkel

Landbruksdepartementet er kuttvinneren i budsjettet til Senterpartiet