Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil at barn og unge skal plukke bær og fiske i utmarka

Miljødirektoratet vil gi pengestøtte til tiltak som kan gi barn og unge lyst til å hauste av det naturen byr på.

Illustrasjonsfoto: Inger Robøle Kristiansen / NPK
Illustrasjonsfoto: Inger Robøle Kristiansen / NPK

Miljødirektoratet opnar no for å søkje om støtte til tiltak som kan gi barn og unge auka forståing for bruk av utmarksressursane.

– Vi ønskjer gjennom denne ordninga å gi barn og unge ei innføring i det haustingsbaserte friluftslivet. Naturen produserer kvart år eit stort overskot av ville vekstar, fisk, fuglar og dyr. Dette dannar eit utgangspunkt for mat og opplevingar for veldig mange nordmenn. Mange barn og unge tar ikkje del i denne viktige kulturarven og vi håpar at vi kan nå fleire gjennom dette tilbodet, seier landbruks- og matminister Olaug Bollestad.

Annonse

I statsbudsjettet for 2020 er det sett av cirka to millionar kroner til tilskotsordninga.

Direktoratet vil prioritere søknader om tilskot til aktivitetar som er lite ressurskrevjande og lett tilgjengelege for flest mogleg, og tiltak for barn og unge med nedsett funksjonsevne.

(©NPK)

Neste artikkel

Ser du hva som mangler i Senterpartiets NorthConnect-kart?