Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Viktig for elgen å finna rett mat

Det er ikkje berre menneske som kan ha problem med kosthaldet. Også for elgen er det viktig å få i seg nok sunn og rett mat.

Variert kost er viktig også for elgen, viser forsking. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK
Variert kost er viktig også for elgen, viser forsking. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Det viser eit omfattande forskingsarbeid som forskar Hilde Karine Wam ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) har gjort saman med den svenske elgforskaren Annika Felton ved Sveriges landbruksuniversitet. Saman har dei undersøkt meir enn 500 vomprøver frå elgar felt under jakt i sju Sør-Sverige, fortel NIBIO på eigne nettsider.

Annonse

I arbeidet såg dei at elgane i dei ulike områda hadde nokså ulike diettar, og at slaktevekta kunne variera mykje etter kva type mat elgen hadde fått i seg. Den viktigaste konklusjonen er ifylgje forskarane at elgen treng variert kost og at for mykje barplanter som furu, gran og einer, ikkje er bra for elgen. Skogens konge skal heller ikkje ha for mykje grønsaker frå åkeren til bøndene, slår forskarane fast. Det kan føra til at vekta går ned.

– Dette kan faktisk kome av at beter og liknande inneheld høgt omsetjelege karbohydrat som sjølv i moderate dosar kan gje dei store planteetarane helseproblem, seier Wam.

Forskarane meiner funna er viktige for å ta vare på leveområda for elgen.

Neste artikkel

Så mange hjortevilt ble drept i trafikken hver dag