I fjor kjøpte vi til saman nesten 9.000 tonn mandelpotet. Ein firedel av dette blei kjøpt inn under julehandelen.
– Vi ser at nordmenn kjøper mindre fersk potet i butikken enn det som var tilfelle tidlegare. Vanlege poteter hadde ein nedgang på 20 prosent i 2018 samanlikna med året før, medan mandelpotet gjekk ned med ti prosent. Men når jula nærmar seg skal «alle» ha mandelpotet, seier seniorrådgivar Elin Hoel i Landbruksdirektoratet i ei pressemelding.
Det skal visstnok vere nok mandelpoteter på lager fram til jul, men det er usikkert om det held heilt fram til neste sesong grunna ein kald vår i år som gjorde sitt til at produksjonen ikkje blei heilt optimal.