Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Veterinærinstituttet har påvist 21 tilfelle av fugleinfluensa

Dei fleste tilfella er i Rogaland.

Grågåsa trekk ofte til Noreg, og har starta trekket til Sør-Norge allereie. Foto: Jon Haaland
Grågåsa trekk ofte til Noreg, og har starta trekket til Sør-Norge allereie. Foto: Jon Haaland

Veterinærinstituttet har overvaka situasjonen og undersøkt om lag 350 prover frå november til midten av februar. Det har vore mistanke om fugleinfluensa blant høns.

I tillegg har dei undersøkt 498 prøver frå jakt og fuglemerking i overvakings- og kontrollprogrammet for villfugl i løpet av hausten 2020.

Totalt har dei funne 21 tilfelle av fugleinfluensa, der 12 tilfelle er i Rogaland, 8 tilfelle er i Vestland og eitt i Agder.

Annonse

Utbrotet i Europa breier seg ut, og det er no fem ulike typar fugleinfluensa som sirkulerer. Det er flest grågås og kvitkinngås som har flest påviste tilfelle i heile Europa. Grågåsa trekk ofte til Noreg, og har starta trekket til Sør-Norge allereie.

Instituttet seier det er viktig at det blir sendt inn og analysert prøver frå sjuke og døde fuglar frå kystnære strøk på Sør- og Vestlandet. Også Austlandet og Trøndelag kan vere risikoområde med tanke på fjørfe og trekkfuglar.

Neste artikkel

Ingen mistanke om nye tilfeller av fugleinfluensa i besetninger