Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Veterinær saksøkjer Mattilsynet som vil avvikle gardsdrifta hennar

Mattilsynet meiner veterinær Merete Støvring (54) ikkje er eigna til å drive med husdyr. No kjempar ho i retten mot den tidlegare arbeidsgivaren sin.

I fjor haust vedtok Mattilsynet at drifta på garden til Støvring måtte avviklast etter mange år med brot på lova om dyrevelferd, skriv NRK. Dermed kan nesten 60 sauer, rundt 30 kyr, oksar og kalvar, 13 ponniar og 70 høner, og drygt 100 lam, bli tvangsslakta om ikkje nokon vil kjøpe dei.

Støvring har saksøkt Landbruksdepartementet for å få utsett avviklinga til vedtaket er prøvd rettsleg, og denne veka møtte ho staten i Sør-Trøndelag tingrett.

Det er ifølge NRK slik at Mattilsynet har vore på fleire tilsyn sidan 2007, og det er stort sett dei same forholda dei kritiserer:

Tomme drikkekar. Dårlege leskur. Mangel på tørre liggeplassar. Gjørmete uteområde. Manglande hovpleie og stell av sjuke dyr. Ikkje brannvarslingsanlegg i fjøset.

NRK skriv at Mattilsynet meiner Støvring har gjort lite for å betre forholda.

Annonse

Simen Hammersvik representerer staten ved Regjeringsadvokaten i saka i Sør-Trøndelag tingrett og sa dette ikkje er ei «dyretragedie» slik vi høyrer om til tider. For partane er samde om at ingen dyr svelt eller tørstar i hel på garden til Støvring, skriv NRK.

– Eg tek ikkje lett på regelverket. Folk seier at eg ikkje er eigna til å halde dyr. Men eg er ein dyktig fagperson, seier Støvring ifølge NRK.

Domaren skal no avgjere om Støvring får medhald i at vedtaket om avvikling er ugyldig, og Støvring er budd på å anke saka til lagmannsretten om ho ikkje får medhald.

Neste artikkel

Sp: – En milepæl i norsk landbrukspolitikk