"Med jevne mellomrom kjører NINA kampanjer i media om at utbredt ulovlig jakt truer hele ulvestammen."
Slik startar lesarinnlegget frå lege og veterinær Halvard Dahle i Odda. Nationen publiserte lesarinnlegget måndag 26. november.
– Dette er ein stadig gjengangar i mediene, seier Dahle til Nationen.
Du kan lese innlegget her: Feilinformerer om dødsårsak
Han meiner at mellom andre NINA unnlet å nemne andre faktorar som kan ta livet av rovdyr, og at dei legg heile skulda på ulovleg jakt.
– Uforståande
– Kva kampanjar siktar du til i innlegget?
– Dette er dei stadig ute med. Det såg ein i samband med ulverettssaka i 2014, til dømes, seier Dahle.
Forskar John Odden i NINA svarar i ein e-post:
– Vi stiller oss uforståande til anklagane frå Dahle. NINA er ei uavhengig stifting som forskar på natur og samspelet mellom natur og samfunn. Vi køyrer ikkje kampanjar i media, skriv han, og held fram:
– NINA har dei siste åra ikkje vore involvert i feltbasert forsking som talfester ulovleg jakt av ulv.
Odden viser heller Dahle vidare til forskingsmiljøa som gjennomfører forsking på dette feltet. Han nemner Høgskolen Innlandet og Sveriges lantbruksuniversitet (SLU).
Skabbmidd
Dahle påpeikar at skadedyr som skabbmidd tek livet av ulv, og meiner at det vert køyrt ut grove skuldingar mot jegarar i staden for å nemne at det kan ligge naturlege dødsårsaker til grunn.
– Vi har same problemet med dyr ein finn på beite. Ein kan ikkje stille rett diagnose på dødsårsak, og skuldar på bønder og jegarar i staden, seier han.