Kristin Bugge Søyland (59) frå Rjukan var sekund frå å døy då ho vart stukken av veps under ein fotballkamp for 13 år sidan.
– Eg fann ut at eg reagerte på vepsestikk mange år før det, men den første gongen eg vart stukken gjekk reaksjonen over, fortel Søyland. – Eg vart utstyrt med ein adrenalinpenn mot allergisk sjokk, men var dårleg til å ta han med meg.
Då ho var på fotballkamp med stebarna, utan adrenalinpennen i lomma, fekk ho vepsestikket som utløyste det allergiske sjokket.
Fakta
Forholdsreglar mot vepsestikk
Opptre roleg i nærleiken av veps og bier
Dekk til mat
Unngå sterkt duftande og fargerike blomstrar
Bruk mindre parfyme og sminke (veps og bier blir tiltrekt av enkelte stoff)
Drikk saft, brus og øl av gjennomsiktige glas
Gå med lyse klede – veps blir gjerne tiltrekte av svarte og fargerike klede
Bruk fottøy, sokkar, lange bukser og overdelar med lange erme, då er du betre verna
Veps liker sveitte, så pass på når du trenar
Dekk til vindauge med insektnetting viss dei skal stå opne over lang tid
Kontakt profesjonelle, gjerne ein birøktar, for hjelp til å fjerne bol
Kilde: Noregs astma- og allergiforbund (NAAF)
Manglar statistikk
Ifølgje Astma-allergi Danmark mistar éin til to livet i Danmark kvart år som følgje av insektstikk. I Noreg finst ingen liknande statistikk, men vi veit at årleg får fleire titusen store hevelsar og må til legebehandling.
– Statistikken frå Danmark viser at insektstikk er noko av det som faktisk drep folk, seier helsefagleg rådgivar Anna Bistrup i Astma- og Allergiforbundet (NAAF).
Heldigvis var det ein lege på tribunen då Søyland vart stukken.
– Eg spurde han om kor lang tid eg hadde på meg. «Ikkje eitt minutt», fekk eg til svar, fortel Søyland.
Det gjekk tre-fire minutt før ambulansen kom. Innan den tida var Søyland nesten medvitslaus. Ho fekk adrenalin rett i åra då hjelpa var på plass.
– Legen som hjelpte meg, gav meg beskjed etterpå om at «nærare døden kjem eg ikkje». Det er utruleg at eit giftstoff i eit så lite dyr kan føre til dødsfall.
Hevelse er normalt
Dei fleste toler vepsestikk godt. Hevelse, kløe, raude og varme rundt stikkområdet kan vere plagsamt, men er heilt normalt og ufarleg.
– Det er viktig å skilje mellom ein normal betennelsesreaksjon og ein allergisk reaksjon, seier Anna Bistrup i NAAF.
Nokon blir meir og meir allergiske med alderen. Dessutan kan ein plutseleg bli allergisk sjølv om ein ikkje har vore det tidlegare. Allergien blussar ikkje opp før ein har fått det første vepsestikket og danna antistoff, dermed er det vepsestikk nummer to som kan vere livstruande.
– Ved allergi får ein ofte hevelse utover stikkområdet, elveblest, ein kan bli svimmel, kvalm og iblant svime av eller kaste opp.
Fakta
Viss du får vepsestikk
Hald deg roleg!
Antihistamintablettar kan dempe milde reaksjonar
Kjøl ned stikkstaden med ispose, eller påfør lokalbedøvande Xylocain-salve
Kortisonsalve eller Eurax-salve kan òg dempe reaksjonen litt
Kraftig allergisk (anafylaktisk) sjokk krev umiddelbar behandling med adrenalin
Adrenalinpenn (Jext eller EpiPen) er ei sprøyte som blir sett direkte i ein muskel så raskt som mogleg etter at ein er stukken. Ein slik penn kan ein få på blå resept om ein har reagert allergisk tidlegare.
Ring 113 om nokon er stukken i munnen, luftrøyret eller utanpå halsen, eller føler seg dårleg med kvalme, er svimmel og har vanskeleg for å puste.
Kjelde: LHL (Landsforeininga for hjarte- og lungesjuke), avdelinga Astma og allergi
Allergisk sjokk
Allergisk sjokk, også kalla anafylaksi, er den sterkaste allergireaksjonen ein kan få etter å ha vorte eksponert for noko ein er allergisk mot. Det oppstår akutt og kan vere livstruande.
– Er du allergisk, er det viktig at du har med deg adrenalinpennen din uansett kvar du går! Ikkje la han ligge igjen i bilen eller sekken, seier Bistrup.
Har ein først vorte stukken, er det viktig å vere roleg:
– Ikkje få panikk! Panikk kan føre til auka puls, som igjen kan føre til at den allergiske reaksjonen blir forsterka, forklarer Bistrup. – Det er kjempeviktig å ta det med ro, både om du er stukken sjølv, eller om nokon rundt deg er stukken – særleg ved allergisk reaksjon. Ring 113 om nokon er stukken i munnen, luftrøyret eller utanpå halsen, eller føler seg dårleg med kvalme, svimmelheit og har vanskeleg for å puste.
Bekymra treng ein likevel ikkje vere utan grunn.
– Det er ingen grunn til å engste seg unødig, men det er viktig å vere fornuftig og ta smarte val, meiner Bistrup. – Ikkje la søt mat stå framme, sjå etter at det ikkje har sett seg ein veps på brusboksen din. Og ikkje slå etter vepsen!
Meir veps i år enn i fjor
Annakvart år er eit såkalla «vepseår» for vepsane i stikkevepsfamilien. Truleg blir det meir veps i år enn i fjor – utan at det treng å bety at det blir mange.
– Partalsår er vanlegvis «vepseår», men sommaren i fjor var såpass tørr at det ikkje var nok å leve av for vepsen, forklarer zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum.
– Vepsen er eit rovdyr – ikkje ein planteetar som humla og bia. På seinsommaren, når det blir lite mat, blir vepsen plagsam for oss, seier Bøckman. – Viss du byrjar å slå etter han når han allereie er på tuppa, då stikk han.
Bøckman fortel at veps, i motsetning til mygg, er aktiv på dagtid.
– Så sitt heller ute om kvelden, rår han. – Du vil heller få eit myggstikk enn eit vepsestikk.
Éin regel er ifølgje zoologen viktigare enn alle andre:
– Ikkje drikk av brusboksar! Hell drikken i eit glas, så ser du kva som føregår oppi det. Eit vepsestikk i munnen eller ganen kan ende ordentleg gale.
Fakta
Fleire tusen artar veps i Noreg
Veps er blant dei farlegaste dyra i Noreg – fordi dei er så mange, og fordi dei oppheld seg i nærleiken av oss.
– Veps er eit såpass vanleg dyr at folk møter på dei. Det er same gift i veps som i hoggorm, men dei er det ikkje like mange av, så det er færre som får ormebit, forklarer zoolog Petter Bøckman ved Naturhistorisk museum.
I Noreg er det fleire tusen arter veps.
– Vi veit ikkje kor mange dyrearter som finst på jorda, men to tredelar av dei er insekt – og frykteleg mange av dei igjen er veps, seier Bøckman.
Ikkje alle vepsearter er farlege for allergikarar.
– Dei må vere store nok til å levere nok gift. Dei fleste vepseartene er veldig små og umerkelege for oss, seier zoologen.
Dei gule og svarte vepsane vi vanlegvis tenker på når vi snakkar om veps, tilhøyrer stikkevepsfamilien.
Kronisk sjuk av stikket
Dersom ein har fått påvist vepseallergi, er det mogleg å vaksinere seg mot allergien, men dette er ein lang prosess som tar tre til fem år.
– Eg trur eg ville tolt eit vepsestikk no, seier Søyland. Ho er vaksinert over fem år og føler seg relativt trygg på at vaksinasjon har hjelpt – det har ho følt på kroppen.
– Eg veit ikkje korleis eg ville tolt eit nytt stikk, men uansett har eg fått såpass mykje antistoff i meg at eg har mykje betre tid på meg viss eg skulle få ein reaksjon, fortel ho.
Allergien har likevel sett varige spor: Kroppen hennar produserte så mykje antistoff under dei allergiske sjokka at det utløyste kronisk astmabronkitt som ho går på medisinar mot permanent.
Under åra ho vart vaksinert, gjekk ho rundt utstyrt med tre adrenalinpennar på blå resept – éin var ikkje nok. No går ho utan.
– Eg er ikkje lenger hysterisk livredd for veps, sånn som eg var i ein lang periode. Det pleidde å hemme meg i kvar eg gjekk og kva eg gjorde. Det verka utrygt. No går eg til og med i skogen åleine.