Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vegvesenet forbyr rasteplassovernatting fleire stader

Bubilar som står fleire døgn ved norske rasteplassar er eit problem Statens vegvesen vil til livs. No blir det forbode å overnatta fleire stader.

Illustrasjonsfoto: Marianne Løvland / NTB scanpix / NPK

Statens vegvesen tar grep og vil nekta parkering over to timar på to av rasteplassane i Noreg. Dette er rasteplassar der Vegvesenet oppfattar bubilcamping som eit stort problem, skriv NRK.

– Me skiltar no rasteplassane på Skjevlingsneset ved Bergsøysundbrua og rasteplassen ved Trollveggen i Romsdalen med maks to timars parkering. Det skal vera nok til at folk får kvilt seg, får rasta og sett seg rundt. Men dette er ikkje nokon campingplass, seier Torgeir Bye i Statens vegvesen til kanalen.

Annonse

Fleire bubilturistar som NRK har snakka med, fortvilar over innstramminga og ønskjer framleis å campa gratis.

Bye i Vegvesenet seier det generelt er greitt med overnatting eitt døgn. Problemet er at folk blir ståande ei veke.

Av rasteplassane i Noreg som er eigd og drifta av Statens vegvesen, er det berre ved reiselivsikonet Trollveggen, ved flytebrua på KRIFAST-sambandet og på Svidalsneset i Jølster at Vegvesenet innfører ny skilting for å få vekk bubilane.

(©NPK)

Neste artikkel

Boet tar ansvar for de nedgravde kadavrene på konkursgården