– Eg utfordrar deg: Prøv å handle berre lokale og norske varer i ei veke, skriv Trygve Slagsvold Vedum på Facebook.
I innlegget ligg det eit bilde med fargane til det norske flagget. På det kan ein lese: Utfordring: Kjøp berre norske varer i ei veke. Lat oss redde norske bedrifter og arbeidsplassar saman!
Innlegget har i skrivande stund blitt delt 526 gonger og lika 1800 gonger.
I kommentarfeltet kan ein lese kommentarar som «Flott oppfordring, Trygve! Det har jeg gjort i mange år, så langt det lar seg gjøre. Norsk mat smaker best. Nå må vi få opp produksjonen og bli mest mulig sjølberga» og «Den er jeg med på. Har allerede begynt. Handler på Reko-ringen hos norske bønder. Har tenkt å fortsette med det. Vi skal ha NORSK mat».
Vidare i innlegget sitt skriv Sp-leiaren:
– Mange norske bedrifter slit som følgje av korona. Mange er redde for arbeidsplassane sine. Me kan alle bidra i denne tida, ved å kjøpe lokale og norske råvarer. Då hjelper me dei norske bedriftene som no slit. Eg skal sjølv prøve å berre handle produkt som er norske i ei veke. Er du med på å prøve du òg?