Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vatn frå laksevogntog gir glatte vegar

Avrenningsvatnet til vogntog som køyrer laks med is, skaper farlege vegar. Det meiner både Lastebileigar-Forbundet og Statens vegvesen.

Salmar og Marine Harvest har ikkje svara på førespurnadene frå NRK om avrenningsvatnet. Lerøy Seafood vil undersøkje nærare før dei svarar. Foto: Janne Grete Aspen

Dei meiner løysinga er tette tilhengarar.

Det er NRK Trøndelag som skriv om at avrenninga frå isen som smeltar inne i vogntoga skaper farlege situasjonar og spegelglatte vegar.

Dei brukar fylkesveg 714 frå Hitra og Frøya som døme, der køyrer dagleg over hundre vogntog fulle av laks. Men situasjonen er den same også for andre område av landet der laksenæringa er stor.

Avrenningsvatn

Når isen smeltar, renn han ut av bilen, saman med væske frå laksen. Men det er berre på enkelte stader at avrenningsvatnet renn ut av bilen. Det er ofte i samband med bakkar, der hellinga på bil og hengar endrar seg slik at vatn renn ut bak.

– Du køyrer på berre og tørr veg, men rundt neste sving opplever du at parti av vegen er som skøyteis, seier Roar Melum, regionsjef i Norges Lastebileigar-Forbund til distriktssendinga.

Han seier at dei ikkje kan knytte dei mange alvorlege trafikkulykkene på vegstrekkja til problemet med avrenningsvatn, men at nokre av ulykkene har skjedd på plassar som er problemplassar for avrenning.

Svarar ikkje

Annonse

Jan Ivar Rødal, byggleiar i Statens vegvesen seier til distriktssendinga at dei har teke problemet opp både med oppdrettsnæringa og transportnæringa i fleire år.

Fylkesveg 714 er kjent for mange ulykker. NRK viser til statistikk som seier at det har vore 28 alvorlege trafikkulykker på strekninga dei siste åra, der personar har blitt drepne eller alvorleg skadde. Sju personar har mista livet.

Lerøy Seafood seier til NRK at dei vil undersøkje saka nærare før dei uttalar seg. Salmar og Marine Harvest har ikkje svara på førespurnadene frå NRK.

Løysinga finst, og blir mellom anna brukt under transport av fisk på Færøyane. Ein tank til 20-000-25.000 kroner samlar opp avrenningsvatnet.

Neste artikkel

Distriktsbutikkene ble budsjettvinnere