Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vågekvalkvoten står stadig stille

Fiskeriminister Harald T. Nesvik (Frp) har fastsett ein fangstkvote på 1.278 vågekval for 2020 – det same som i år og i 2018.

– Norsk kvalfangst handlar om retten til å utnytte naturressursane våre, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik. Foto: Berit Roald / NTB scanpix
– Norsk kvalfangst handlar om retten til å utnytte naturressursane våre, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik. Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Det er meir enn 100.000 vågekval i norske farvatn. Tolv fartøy deltok i fangst etter vågekval i år, og 429 vågekval vart fanga, ned frå 454 i 2018.

Annonse

– Norsk kvalfangst handlar om retten til å utnytte naturressursane våre. Vi forvaltar på grunnlag av vitskapleg kunnskap og på berekraftig vis. I tillegg er kval sunn og god mat, og nordmenn vil ha vågekval på middagstallerkenen, seier fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik i ei pressemelding.

Utrekningsmodellar utarbeidd av Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) ligg til grunn for fastsetting av kvoten. Det skal ifølgje Nærings- og fiskeridepartementet sikre ein berekraftig fangst på vågekvalbestanden.

Neste artikkel