Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utvidar fristen for å skyte ulv

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane forlengjer skadefellingsløyvet på ein ulv mellom Dalsfjorden og Sognefjorden.

Ulv på Langedrag. Foto Per Løchen / SCANPIX .

Statens naturoppsyn (SNO) har undersøkt ytterlegare ni sauekadaver i skadefellingsområdet. To er dokumentert drepne av ulv, eitt er usikkert om ulven står bak og i seks tilfelle var det ikkje mogleg å slå fast dødsårsak.

Annonse

SNO vurderer at saueeigarar i området har unormalt store tap og skadepotensialet for september er stort. Det er heller ingen teikn til at ulven har forlate område.

Difor har Fylkesmannen vedteke å forlengja skadefellingsløyvet frå 1. september til 30. september.

Neste artikkel

Se unik video: Her passerer ulven, bjørnen, gaupa og jerven forbi samme viltkamera