Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Utbrot av resistente bakteriar i Europa

Det er utbrot av antibiotikaresistente bakteriar i Europa. Det Europeiske smitteverninstituttet (ECDC) har foreslått krisetiltak.

Nokre av krisetiltaka ECDC har foreslått er å innføre avgrensa fri flyt i helsetenester, altså at pasientar ikkje får krysse landegrenser og isolere pasientar som har vore i land med stor førekomst av resistente bakteriar.

Professor Ørjan Olsvik er ekspert innan smittevern og seier til NRK at kampen mot antibiotikaresistens har nådd eit nytt nivå.

Annonse

– Bakteriane spreier seg raskt til andre land, så dette angår oss i høgste grad. I 2015 omkom det 69 menneske i Noreg av desse bakteriane, som nesten er umogleg å behandle, seier Olsvik.

I Italia er det meldt inn 350 tilfelle av den motstandsdyktige bakterien dei siste seks månadane. Den smittar mellom menneske, men kan òg smitte via mat som ikkje er varmebehandla.

Neste artikkel

Gaute Lenvik i Veterinærinstiuttet: Vi blir aldri ferdige med å kutte antibiotikabruken i landbruket