Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Unike moskus-opptak frå Dovre ny i BBC-serie

TV-sjåarar over heile verda får snart sjå unike opptak av moskus på Dovrefjell i den nye naturserie «Seven Worlds, One Planet» frå BBC. Det er laga ein episode for kvar verdsdel, og moskusen har fått ei sentral rolle i episoden om Europa.

Illustrasjonsfoto: John Stenersen / NTB scanpix / NPK
Illustrasjonsfoto: John Stenersen / NTB scanpix / NPK

Den nye serien er den største serien om biomangfald og klimaendringar som nokon gong er produsert, fortel NRK. Den velkjende Sir David Attenborough har kommentarane i serien som er filma i 41 land.

– Ved å bruke teknologi, research, og ved å kontakte forskarar, så kan vi filme dyra og korleis dei oppfører seg, og fange noko som aldri har blitt filma før, seier produsent Giles Badger i BBC til NRK.

Annonse

Over 1.500 personar jobba på prosjektet, og Badger seier opptaka på Dovre er heilt spesielle.

– Det er ikkje noko meir ikonisk eller større dyr i Europa enn moskusen, og territorium-slåstkampane som skjer kvart år i september er noko heilt spesielt som du ikkje får andre stader på kontinentet, seier han.

Episoden vert sendt på BBC earth 12. desember, og NRK viser serien ein gong neste år.

Neste artikkel