– Ei tispe på 32,2 kilo vart skoten av ein på rovviltfellingslaget i Åmot kommune. Ulven var i hæla på nokon sauer då den vart felt, seier rovviltkontakt Erling Ness ved Statens naturoppsyn (SNO).
– Me har foreløpig ikkje funne nokon daude sauar, seier han.
Åmot rovviltfellingslag felte ulven klokka 21.45 i Åstadalen.
Annonse
– Ulven vart skoten med eitt skot på 60 meters hold, og den fall på staden, seier Ness.
– Fellingstillatelse blei gitt av fylkesmann ut frå ein synsobservasjon, tysdag. Det hadde blitt tatt bilete og blitt filma, og då vart det gitt ei tillating som gjaldt Åmot og nabokommunane, i beiteområda vest for glomma.
Les også: Ulv skutt i Hedmark
Les også: Jakter på ulv etter funn av sauekadavre