Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ulv skoten i Rogaland. Det er 17 år sidan siste felling

Det har ikkje vorte felt ulv i fylket sidan 2003.

Fredag vart det feil ein ulv i Rogaland. Foto: Mathias Oppedal/NRK
Fredag vart det feil ein ulv i Rogaland. Foto: Mathias Oppedal/NRK

Fellingsløyvet vart gitt 8. oktober, og fredag 16. oktober vart ulven felt, melder NRK Rogaland. Det er ikkje vanleg å sjå ulv i fylket.

Annonse

Gjennom sommaren har det blitt observert ulv i både Rogland og Agder, og det skal vere meld om skader på fleire dyr. Fellingsløyva vart gitt på bakgrunn av to døde lam tidlegare i haust. Dei vart funne ved grensa til Agder fylke.

Sist det vart felt ulv i fylket, var den også felt nærme fylkesgrensa. Dette var i 2003. Då viste prøver at det var tre ulvar i området.

Neste artikkel

Skal bruke matkultur til å tiltrekke nye beboere