Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Hannulv skoten i Hedmark

Ein hannulv er skoten i Elverum kommune i Hedmark fylke. Det bekreftar Statens naturoppsyn.

Ulven som vart skoten i Elverum er ein hanne på 34 kilo. Foto: Statens naturoppsyn (SNO)

Seniorrådgivar Eivind Faldet i Statens naturoppsyn (SNO) bekrefta rundt 18-tida torsdag kveld at det var skote ein ulv i Elverum.

– Det eg veit er at det er ein hannulv som er felt, sa Faldet til Nationen.

Seniorrådgivar Thomas Strømseth ved Statens naturoppsyn (SNO) sa til Nationen rundt klokka 18.00 at han skulle undersøke ulven.

Annonse

– Det eg veit er at Fylkesmannen har ferda ut tillating til skadefelling på to ulvar, og eg skal no i kveld undersøke ein ulv som er bekrefta skoten, sa Strømseth.

Etter klokka 20.45 torsdag bekreftar strømseth at ulven var ein hanne.

– Det er ein ung hannulv på 34 kilo som er skoten. Det var skadefelling, og den blei skoten klokka 16.05 i ettermiddag. Det var ein heilt ordinær skotsituasjon der det vart avfyrt eitt skot. Det var vest for Glomma, i Elverum kommune, ulven vart skoten, seier Strømseth til Nationen.

– Det er eit kommunalt skadefellingslag som har utført oppdraget for Fylkesmannen, seier han.

Neste artikkel

Vil samle ulvesone-ordførere til felles framstøt for erstatningsordning