Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trysil kjem til å sende ny søknad om å få felle Slettås-ulvar

Fylkesmannen i Innlandet har avslått Trysil kommune sin søknad om å få felle ulvane som er observert i Slettås i sommar. Men ordførar Erik Sletten forsikrar at dei ikkje gir seg med det.

Erik Sletten, ordførar i Trysil kommune, er ikkje nøgd med avslaget kommunen fekk på søknaden om fellingsløyve på to ulvar som held til i Slettås-området. Foto: Grete Myrvold Rydje
Erik Sletten, ordførar i Trysil kommune, er ikkje nøgd med avslaget kommunen fekk på søknaden om fellingsløyve på to ulvar som held til i Slettås-området. Foto: Grete Myrvold Rydje

– I avslaget frå fylkesmannen er grunngjevinga manglande skadepotensial retta mot husdyr, seier Sletten (Sp).

Han reknar med at kommunen no kjem til å sende søknaden om fellingsløyve anten til rovviltutvalet eller til direktoratet for å få vurdert felling etter naturmangfaldlovas paragraf 18 c. Den handlar om at styresmaktene kan tillate uttak "for å ivareta allmenne helse- og sikkerhetshensyn eller andre offentlige interesser av vesentlig betydning."

Annonse

Sletten viser til at det i hovudsak blir same argumentet som låg til grunn då det i vinter vart gitt løyve til og felt to ulvar på lisensjakt i Slettås-området.

– Det kan sjå ut til at desse to ulvane som er observerte i sommar betyr ny etablering av ulv i området. Men det eg reagerer mest på, er at desse verkar minst like nærgåande overfor folk, som dei som vart tekne ut i vinter, seier Sletten.

I søknaden om fellingsløyve som ordføraren sende 22. juli, skreiv han at dei som bur i Slettås har ein mangeårig ulveproblematikk bak seg, og som berre førebels vart løyst ved lisensfellingane i vinter.

"Det er viktig at hensikten med årets lisensfelling etterleves og at vi unngår en nyetablering av ulv i området."

Neste artikkel

Har du sett gaupefamiliar?