Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trur ikkje på breibandkartet til styresmaktene

I breibandrapporten til styresmaktene står det at færre enn 100 norske husstandar står utan tilbod om breiband. Røyndomen i Bygde-Noreg er ein heilt annan.

Breibandskablar.Distrikta heng etter med å få fiberbreiband.Foto: Erlend Aas / NTB Scanpix / NPK
Breibandskablar.Distrikta heng etter med å få fiberbreiband.Foto: Erlend Aas / NTB Scanpix / NPK

– Då har i så fall vi alle dei husstandane i vår kommune, seier næringssjef i Aure kommune, Ivar Torset til NRK. Han har inga tru på tala i rapporten frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (NKOM).

– Vi har sjølv målt fleire stader og vi opplever ikkje at vi har eit fungerande nett her. No når folk har hatt heimekontor, har vi sett mange tilfelle der det rett og slett ikkje er mogleg å gjennomføre på grunn av dårleg nettilgang.

NKOM set grensa for breiband på fire megabit nedlasting per sekund. Dei bruker dekningskarta til leverandørane for å rekne ut dekningsgraden på breiband.

– Vi byggjer på teoretiske berekningar, og i stort så gir dei eit riktig bilete av dekninga. Men dei kan ha vere unøyaktige på lokalt nivå, seier fungerande avdelingsdirektør Kenneth Olsen hos Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit. NKOM set i år inn ressursar på å få ei meir nøyaktig kartlegging.

Annonse

Olsen ser også at 4 megabit per sekund ikkje er akseptabel bandbreidde på sikt.

Næringssjef Ivar Torset fryktar ei framtid der gigabit-gapet mellom by og land berre blir større og større.

– Vi har sete for lenge og venta på at framtida skal komme med nye og betre løysingar for bygdene. Vi blir hengjande altfor langt bak. Vi må berre innsjå at nett er dyrt å byggje i bygdene. Både for oss, staten og netteigarane, seier Torset.

Neste artikkel

Distriktsministeren vil prioritere 5G-nettet før fibernettet: – Trist