Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trump trassar Obama: Ønskjer meir pizza og burgar på amerikanske skular

Dei nye retningslinene skrotar Obama-reglar og gjer det lettare for dei unge å eta usunn mat i skulen.

President Donald Trump endrar regelverket tidlegare førstedame Michelle Obama jobba for å få gjennom. Foto: NTB Scanpix/AP/Andrew Harnik
President Donald Trump endrar regelverket tidlegare førstedame Michelle Obama jobba for å få gjennom. Foto: NTB Scanpix/AP/Andrew Harnik

Det amerikanske landbruksdepartementet har vedtatt nye reglar som gjer det lettare å velja vekk grønsaker på skulane i USA, skriv Framtida via Washington Post.

– Det vil skape eit stort smotthol i retningslinjene for ernæring, og legg til rette for at barn kan velje seg pizza, burgarar, chips og annan mat med mykje kaloriar og metta feitt i staden for balanserte og sunne skulemåltid, seier Colin Schwartz ved Center for Science in the Public Interest til Washington Post.

Annonse

Michelle Obama stramma inn

Då Michelle Obama var førstedame var kampen mot fedme og for sunnare mat blant hennar viktigaste saker, og regelverket for kva som skulle serverast i skulane blei stramma inn.

Så blei Donald Trump president. Sidan 2016 har Trump-administrasjonen gått tilbake på fleire av innstrammingane. Mellom anna har det blitt mogleg å erstatte frukt med poteter i skulemåltida, og dei strengare reglane Obama-administrasjonen ville innføre – som innebar meir heilkorn-produkt og mindre salt – har blitt utsett.

Trump-administrasjonen forsvarer dei nye reglane med at det vil føre til enklare matservering og mindre matsvinn.

Neste artikkel

Det er nå vi må lære av USA