Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trump har signert avtale for å eksportere meir amerikansk kjøt til EU

Avtalen kjem i ljos av at presidenten vil hjelpe amerikanske bønder som har fått kjenne handelskrigen med Kina på kroppen.

President Donald Trump. Foto: AP Photo/Alex Brandon

Fredag ettermiddag amerikansk tid annonserte president Donald Trump avtalen som vil auke kjøteksporten frå USA til landa i EU.

Omringa av handelssjefar og representantar frå kjøtindustrien signerte presidenten avtalen i Det kvite hus. Ordlyden er at den vil "minske handelsbarrierar i Europa og auke marknadstilgangen for amerikanske bønder og ranchar", ifølgje NBC.

Annonse

Siger for europeiske konsumentar

Avtalen skal etter planen tredoble den årlege innteninga i kjøteksportkroner, frå 150 millionar til 420 millionar dollar.

– Dette er ein stor siger for amerikanske bønder, ranch-eigarar og – så klart – for europeiske konsumentar, sa presidenten under signeringa av avtalen.

Neste artikkel

Hand i hand mot EU 25 år seinare