Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Truga lavart skaper problem for freda kloster

Store lauvtre bidrar til fukt i kalkveggene ved Utstein kloster, som er Noregs einaste varetekne mellomalderkloster.

Utstein kloster i Rogaland er Noregs einaste varetekne mellomalderkloster. Foto: Solveig Vikene / NTB scanpix / NPK

Men fylkesmannen gir ikkje løyve til felling fordi den sjeldne lavarten sørlangsragg veks på trea i klosterhagen, fortel NRK.

Museum Stavanger (MUST) har dermed fått eit problem. Regionmuseet forvaltar dei historiske rundt 800 år gamle bygningane på Mosterøy i Rennesøy kommune, der augustinarmunkar heldt til i mellomalderen.

Eit stadig meir fuktig klima kombinert med store tre som kastar skygge, har blitt ei utfordring for vedlikehaldet.

Annonse

– Vi kalkar veggene for å hindre fukt i strukturen, men berre nokre månader etter byrjar soppen å gro. Sola slepper ikkje tilstrekkeleg til på grunn av fem store lauvtre, seier direktøren i avdeling for kulturhistorie i MUST, Marie-Theres Fojuth, til statskanalen.

Museet søkte om å felle fem tre, og Riksantikvaren sa i utgangspunktet ja til at fire kunne fjernast. Så klaga Fylkesmannen i Rogaland på vedtaket.

– Vi risikerer å miste ein planteart i norsk flora viss desse trea blir felte, seier assisterande miljøvernsjef hos Fylkesmannen i Rogaland Per Kristian Austbø.

Sørlandsraggen står på raudlista over kritisk trua plantearter i Noreg. Arten er berre påvist to stader her i landet; i klosterhagen på Utstein og i hagen ved kongebustaden Ledaal i Stavanger.

Neste artikkel

Sukkeravgiften utredes – NHO bekymret for tidspress