Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trøndelag flyttar fram vegprosjekt for å hjelpe entreprenørar

Trøndelag fylkeskommune vil forsere ei rekkje vegprosjekt for å hjelpe entreprenørar som er råka av korona-konsekvensar.

I Trøndelag får entreprenørar drahjelp frå fylket som flyttar fram vegprosjekt. (Dette biletet er frå rassikring i Møre og Romsdal eit år utan korona-utbrot.) Foto: Bjarne Bekkeheien Aase
I Trøndelag får entreprenørar drahjelp frå fylket som flyttar fram vegprosjekt. (Dette biletet er frå rassikring i Møre og Romsdal eit år utan korona-utbrot.) Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Det er veier24.no som skriv om saka.

Både utbyggings- og vedlikehaldsprosjekt for til saman 700 millionar kroner blir flytta fram i tid.

Annonse

Veier24.no er Nordens største fagblad for veg, anlegg og trafikk. På sidene deira har dei laga ei oversikt over store vegprosjekt som er stengt som følgje av korona-utbrotet.

Fylkesrådmann i Trøndelag, Odd Inge Mjøen, seier til fagbladet at fylket i tillegg vil flytta fram i tid tiltak i det vedtekne fornyingsprogrammet for fylkesvegane i Trøndelag.

Fylket har avklara planane sine med NHO og LO, og fått støtte til initiativet.

Neste artikkel

Kyllingbedrift stenges ned etter smitteøkning i Midtre Gauldal