Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Troms får dyrepoliti

Regjeringa foreslår at det blir oppretta dyrepoliti i Troms politidistrikt.

Illustrasjonsfoto: Kari Nygard Tvilde
Illustrasjonsfoto: Kari Nygard Tvilde

Regjeringa går inn for å løyve to millionar kroner til politiet og éin million ekstra til Mattilsynet. Pengane skal brukast til å opprette ei ny eining med dyrepoliti i Troms politidistrikt.

Annonse

Frå før finst det slike einingar i politidistrikta Aust, Innlandet, Sørvest, Vest og Trøndelag. Mattilsynet og Politidirektoratet viser til at organiseringa har gitt betre etterforsking, bevissikring og saksførebuingar i saker som gjeld dyr.

Målet til regjeringa er at det blir etablert dyrepoliti i alle fylka i landet.

Neste artikkel

Har du resistent muggsopp i låven? Da ønsker disse kontakt med deg