Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trøffel kan bli kortreist delikatesse i Noreg

I dag kjem nesten all trøffel som blir omsett frå Italia og Frankrike. No vil gründer Truls Opdal og Nordic Truffle dyrka trøflar i Hardanger.

– Eg håpar vi i 2020 eller 2021 kan gå med eit stort glis og plukka trøflar her inne i Hardanger, seier Truls Opdal til NRK.

No er det nemleg ikkje berre plommer og anna frukt som gjeld i Hardanger. Bonde Truls Opdal vil gjere butikk på delikatessa trøffel. I dag kjem nesten all trøffel som blir omsett frå Italia og Frankrike. Den knollforma soppen veks i kalkjord på røtene til ulike tresortar.

Annonse

I 2014 kom forskarar til Ulvik for å ta prøver av klima og jordsmonn, og konkluderte med at det går an å produsera Burgund-trøffel i området. Opdal og dei andre i Nordic Truffle har etter det planta nesten 1.000 hasseltre. Både ute i plantasje, men òg inne i eit veksthus.

Opdal fortel til NRK at trea er infiserte med trøffelsporet frå Burgund-trøflane som blir brukt i vanleg mat, is, sjokolade og olje. Dei ventar at trøflane byrjar å vekse fram om eit eller to år.

(©NPK)

Neste artikkel

Miljødirektoratet så ikke behovet. Nå får Småbrukarlaget sjekke dyrepark-teori