Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Trine Hasvang Vaag får fornya tillit i Nortura

Valkomiteen innstiller på at styreleiaren frå Snåsa i Trøndelag veljast for ein ny periode.

Trine Hasvang Vaag er på nytt innstilt som styreleiar i Nortura. Foto: Siri Juell Rasmussen
Trine Hasvang Vaag er på nytt innstilt som styreleiar i Nortura. Foto: Siri Juell Rasmussen

Vaag blei valt inn i styret i 2016 og har vore styreleiar sidan 2017. No vil styret behalde ho i leiarvervet, skriv Nortura på nettsidene sine.

– Eg er veldig glad for at valkomiteen har innstilt meg vidare. Eg føler me er i gang med veldig mykje bra, og så er det noko med å få gjort ting ferdig, seier Vaag til Nationen.

– Me er i gang med ei kulturendring og me gjer mykje for å bli konkurransedyktige og få Nortura opp og stå stødig og godt. Det er ikkje noko du gjer på eitt år.

– Kan du seie noko om kva de er i gang med?

– Det er ein heil snuoperasjon me held på med. Det er eit forbetringsprogram, kulturendring og ny strategi. Det er mykje på gang. Samstundes må me heile tida førebu oss på at det er ein tøffare og tøffare kvardag der ute, og det må også speglast i det me driv med, seier Vaag.

Nye styremedlemer

Annonse

– Valkomiteen er klar på at selskapet framleis ikkje leverer resultat på det nivået som eigarane ventar og treng. Me opplever likevel at styret med Vaag i spissen jobbar systematisk og godt og har ein klar plan for å betre konkurransekrafta til selskapet. Me meiner difor det er rett at sittande styreleiar held fram å leie det viktige omstillingsarbeidet som styret har sett i gang og som Nortura no står midt oppi, seier leiar Ole Næss i valkomiteen.

Også nestleiar i styret, Steffen Skolseg frå Snertingdal i Innlandet, innstillast for ein ny periode i same posisjon.

Styremedlemene Inger Lise Aarrestad Rettedal og Johan Narum har gjeve valkomiteen beskjed om at dei ikkje ønskjer å stille for ein ny periode. Som nye styremedlemer føreslår valkomiteen Ole Reino Tala og Hans Amund Braastad.

Ole Tala er frå Sem i Vestfold, er økologisk eggprodusent og har fram til no også jobba som driftssjef i SB Skog. Tala er i dag leiar i regionutvalet i Aust.

Hans Amund Braastad er sau- og storfeprodusent frå Fåvang i Innlandet. Han har lang fartstid som tillitsvalt i Nortura og har vore leiar i regionutvalet i Innlandet dei tre siste åra.

– Dette er to rutinerte kandidatar med god kompetanse, som valkomiteen meiner vil komplementere styret godt. Som RU-leiarar for kvar sin region er både Tala og Braastad godt kjende med Norturas utfordringar, og vil difor raskt kunne gå inn og fungere i dei nye rollene sine, seier Næss.

Neste artikkel

Svinepest-nedslakting gir historisk prisboom