Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Treindustrien fortvilar over usikker framtid

Når kommuneøkonomien sviktar, så blir det enklast å stoppe byggeprosjekt. Kommunalministeren ber kommunane halde fram så langt det går.

– Kommuneøkonomien er livsspikaren i kista for trenæringa, seier Heidi Finstad i Treindustrien. Bildet er tatt på Gausdal Bruvoll. Foto: Treindustrien
– Kommuneøkonomien er livsspikaren i kista for trenæringa, seier Heidi Finstad i Treindustrien. Bildet er tatt på Gausdal Bruvoll. Foto: Treindustrien

Treindustrien slit med ei usikker framtid om dagen. Som så mange andre industriar. Administrerande direktør Heidi Finstad i Treindustrien fortel Nationen at dei jobbar hardt for å få på plass ei ordning med regjeringa der kommunane får større tryggleik i økonomiane sine og moglegheit til å vedta byggeprosjekt for det komande året. Viss det ikkje kjem på plass, «kan det bli katastrofalt for næringa».

– Dette er så dramatisk. Kommuneøkonomien bestemmer skjebnen til trenæringa. Kommunane vedtar gjerne prosjekt i april. Når kommuneøkonomien sviktar, så blir det enklaste for dei å stoppe vedlikehaldsprosjekt og utviklingsprosjekt. Så lenge regjeringa ikkje fjernar den usikkerheita, så stoppar dei etterspurnaden i byggebransjen, seier Finstad.

Administrerande direktør Heidi Finstad i Treindustrien. Foto: Siri Juell Rasmussen
Administrerande direktør Heidi Finstad i Treindustrien. Foto: Siri Juell Rasmussen

Ho er uroa for at ingenting skjer før statsbudsjettet reviderast i juni.

– Viss regjeringa og Stortinget fyrst seint i juni kjem med tiltak, er det for seint. Dei prosjekta kommunane vedtar nå i april og mai er dei byggenæringa og treindustrien skal leve av frå oktober i 2020 og i 2021. Derfor er det katastrofalt no, seier ho.

– Dei tiltaka me har fått så langt, betyr ingenting med tanke på å sikre aktivitet i byggenæringa. Det me bed om er tydeleg avklaring av kommunal økonomi, seier Finstad.

Finstad vil understreke at ho er glad for at styresmaktene i Noreg har vore så tydelege i tiltak for å redde liv og hindre spreiing av koronaviruset. Ho er også glad for at kompensasjonsordninga til dei som måtte stenge over natta kom på plass så fort. No håpar ho berre at næringa hennar også får hjelp.

– Usikkerheita gjer at aktørane våre må bygge ned lager. Salet til forbrukarmarknaden går bra akkurat no, men det aleine vil ikkje kompensere for tapet av offentlege prosjekt. Det er ein så stor del av byggenæringas omsetnad, seier Finstad.

Status fra Treindustrien uke 16 2020

Kilde: Treindustrien

22 % av bedriftene har permittert kor 13 % har permittert opptil 25 % av de tilsette.

6 % har permittert mellom 26–50 % av de tilsette.

6 % av bedriftene planlegg oppsigelser nå.

13 % av bedriftene fryktar konkurs som følge av koronasituasjonen.

Kun 3 % av bedriftene har nytte av kompensasjonsordninga.

Omsetnaden i de siste 4 veker, samanlikna med same periode i fjor har falt med 31 %.

Det er 13 % meir tømmer på lager enn i same periode i fjor.

Igangsetting av bustader redusert frå 2966 i 2019 til 2217 i år, et fall på hele 25,3 %.

Offentlege prosjekt er ein stor del av byggenæringas omsetnad. Foto: Siri Juell Rasmussen
Offentlege prosjekt er ein stor del av byggenæringas omsetnad. Foto: Siri Juell Rasmussen

Kommunane må få hjelp med økonomien

Trelastprodusenten Gausdal Bruvoll har førebels berre måtta permittere åtte av hundre tilsette. Salet går greitt no, men konsekvensane kan kome til å bli langt større viss dei offentlege prosjekta fell gjennom.

– Stoa er bra akkurat no, for så vidt. Problemet er det me veit kjem. Onsdag fekk me vite at salet frå midten av februar og fram til no er 34 prosent ned frå i fjor. Det vil me møte i døra så det smell på seinhausten, vinteren og neste vår, seier administrerande direktør Jørn Nørstelien i Gausdal Bruvoll.

– Fokuset til styresmaktene har ligge på dei som måtte stenge dørene, og det er sjølvsagt vel og bra. Det ein ikkje tenker så mykje på er alle næringane som går bra akkurat no, men som får merke dei manglande prosjekta eit halvt år fram i tid, seier Nørstelien.

Han stemmer i det Finstad seier, om at staten må gå inn og hjelpe kommuneøkonomiane.

– Ein må sørge for at kommunane får kontroll på økonomien. Viss ein ventar til revidert nasjonalbudsjett, så vil det ikkje skje noko med dette i kommunesektoren før i september. Det gjeld ikkje berre trelast, det gjeld heile byggevareindustrien. Det er krise viss ein ikkje sørger for at det er ordreinngang og at det blir tatt avgjerder i kommunane, seier Nørstelien.

– Me må posisjonere oss for den vanskelege tida me veit kjem. Så me må dra ned produksjonen og sørge for å ha pengar i baklomma når tida kjem, seier Nørstelien, som håpar at dei kan ta inn att dei permitterte snart.

Nannestad-ordførar Hans Thue (Ap). Foto: Ingunn Johansen
Nannestad-ordførar Hans Thue (Ap). Foto: Ingunn Johansen

Mykje husbygging

I skogkommunane Ullensaker og Nannestad har arbeidsløysa eksplodert den siste månaden. Hovudgrunnen til det er stenginga av store delar av Gardermoen, samt reiselivsnæringa rundt hovudflyplassen.

– Det me har av næringsliv elles i Nannestad er retta mot entreprenørar og den slags, og viss me skulle få arbeidsløyse der også, så snakkar me kanskje arbeidsløyse på 30 prosent. Eg tenker det er eit nasjonalt ansvar, men eg tenker også at me må handle lokalt, seier ordførar Hans Thue (Ap) i Nannestad.

Han fortel at kommunen har to hovudsatsingsområde for å hjelpe den lokale industrien.

Annonse

– For det fyrste gjer me alt me kan for å forsere planar om utbygging. Me bygger ut kommunehuset, og me bygger svømmehall, kulturtorg og omsorgsbustadar for demente. Alt det er ein pakke på ein halv milliard kroner. Der prøvar me å få så stor framdrift me kan, seier Thue.

– Det andre er at me køyrer eit dobbelt sett med møte i plan og utvikling. Me jobbar på høggir. Kommunen vår har saman med Ullensaker og Lørenskog vore dei som har hatt størst folkeauke i fleire år. Det vil me halde fram med å ha. Då er det mykje husbygging, og det vil vera bra for treindustrien, seier Thue.

– Akkurat no er det frykteleg usikkert kva staten vil kompensere av tap av inntekter. Ein er villig til å vera konkret i næringslivet, men ikkje i kommunane. Hadde dei vore det hadde det vore tryggare for oss å sette inn ekstratiltak, seier ordføraren, som fortel at kommunen har nok av prosjekt i langtidsbudsjettet dei gjerne skulle sett i gang tidlegare enn planlagt for å stimulere økonomien.

Ordførar Eyvind Schumacher (Ap) i Ullensaker kommune. Foto: Eunice Nanzala
Ordførar Eyvind Schumacher (Ap) i Ullensaker kommune. Foto: Eunice Nanzala

Fullt trykk på byggesaker

I nabokommunen Ullensaker la administrasjonen denne veka fram ein tiltaksplan for å styrke byggenæringa.

– Me set fullt trykk på å behandle alle byggesaker. Me har ikkje trykt på nokon pauseknapp i denne krisa. Det er ekstra viktig å legge til rette for alt som kan oppretthaldast så mykje økonomisk aktivitet som mogleg, seier ordførar Eyvind Schumacher (Ap).

– I tillegg har me sett på porteføljen i våre eigne prosjekt med tanke på vedlikehald og prøvar å sette opp farten også på det, seier han.

Dei satsar sjølv om det er usikkert. Det seier ordføraren er fordi han trur kompensasjonsordninga dei treng vil kome på plass.

– Me startar prosjekta raskast mogleg for å bidra til å skape fleire arbeidsplassar og til at bedrifter klarar seg. Mange av bedriftene i området og heile landet slit. Då kan ikkje offentleg sektor stoppe opp. Me har midlar her i landet til å kunne sikre at me framleis har mykje økonomisk aktivitet.

Ordføraren håpar veksten i kommunen vil kunne halde fram.

– Me har vore ein veldig stor vekstkommune, og me håpar å vera det framleis. Viss me trykker på pauseknappen no vil me bidra til ein økonomisk resesjon. Det vil vera veldig alvorleg, seier Schumacher.

Han seier at det er avgrensa kva ein kommune med pressa økonomi kan gjera for å halde hjula i gang, og at dei derfor er avhengige av hjelp.

– Det er viktig at staten kompenserer godt nok og at me får kome i gang med å bruke midlane me har sett av til infrastrukturprosjekt, seier Schumacher.

Kommunalminister Nikolai Astrup (H). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix
Kommunalminister Nikolai Astrup (H). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Kommunalministeren: – Hald hjula i gang

Kommunalminister Nikolai Astrup (H) forstår godt at industrien og kommunane er urolege.

– Koronaviruset påverkar kommunanes økonomi og evne til å levere gode tenester til innbyggarane. Staten skal derfor kompensere kommunar og fylkeskommunar for urimelege verknadar av skattesvikt, inntektsbortfall og meirutgifter, seier kommunalministeren, og legg til:

– Kommunane og fylkeskommunane har alt fått heile 6,45 milliardar kroner i auka tilskot. Me har også redusert arbeidsgivaravgifta med 4 prosentpoeng i 2. termin, noko som vil redusere utgiftene i kommunesektoren med om lag 2 milliardar kroner.

Han seier at regjeringa vil kome tilbake med ei førebels vurdering av dei økonomiske konsekvensane i revidert budsjett 12. mai.

– Samstundes vil me nok ikkje kjenne til dei endelege konsekvensane knytt til skatteinntekter og lønsutgifter før nærmare årsskiftet.

– Regjeringa må derfor kome tilbake med ytterlegare vurderingar etter kvart, seier Astrup.

Enn så lenge oppmodar statsråden kommunane om å halde fram som før.

– Hald hjula i gang og behandle byggesaker så langt det er mogleg. Vidarefør langsiktige og planlagde prosjekt. På den måten kan kommunane bidra til at konjunkturnedgangen ikkje blir forsterka, seier Astrup.

Neste artikkel

Ut mot Ap-forslag: Sår tvil om Statskog som nytt industrilokomotiv