Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Traktorførar til sjukehus etter velt

Tysdag føremiddag hamna ein traktor utfor vegen på Tyssevegen på Bolstad. Ein mann var delvis fastklemt, men er no frigjort frå traktoren og er på veg til sjukehus.

– Det er svært vanskeleg tilkomst på vegen, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Knut Dahl Michalsen, til Hordaland. Foto: Solgunn Flatebø Mandelid
– Det er svært vanskeleg tilkomst på vegen, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Knut Dahl Michalsen, til Hordaland. Foto: Solgunn Flatebø Mandelid

(Avisa Hordaland): – Klokka 13.08 fekk me melding om at ein traktor hadde gått rundt og hamna utfor vegbanen på Tyssevegen. Det er ein person i traktoren, og han er delvis fastklemt, seier operasjonsleiar ved Vest politidistrikt, Knut Dahl Michalsen, til Hordaland.

Om lag klokka 14.40 melder innsatsleiar på staden Jonas Mong at mannen er laus frå traktoren, og er lagt på båre. Mannen er medviten og blir frakta med ambulanse til Voss sjukehus, melder Mong.

Naudetatane var ifylgje Hordaland sin journalist på Bolstad framme ved mannen om lag klokka 14 og starta prosessen med å få han laus.

Mong opplyser at seks helsearbeidarar, åtte frå brannvernet og ein frå politiet kom seg fram til mannen og fekk frigjort han.

Tyssevegen, der ulukka skjedde, er ein smal og kronglete sideveg ovanfor Bolstad.

– Traktoren skal ha komme utfor ein kant, og deretter velta, seier Mong.

– Traktorføraren ringde sjølv naudetatane. Traktoren skal ha hamna utfor vegbanen då han skulle rygga, og hamna fleire meter nedover ei skrent, seier operasjonsleiar Michalsen.

– Korleis står det til med føraren?

– Han er vaken og medviten, og har klemt fast ein fot. Me rykkjer ut med alle ressursar me har, også luftambulanse og redningshelikopter.

Annonse

Naudetatane framme kl 14

– Me har rykka ut med brannbil og frigjeringsutstyr, sa David Skjerven, brannsjef i Voss brannvern til Hordaland klokka 13.25.

Klokka 14 melder politiet på staden at naudetatane er kome fram til mannen.

– Redningshelikopter vart sendt mot staden, men dårleg flyvêr gjer det krevjande for helikopter å ta seg fram, melde politiet på Twitter klokka 13.57.

Klokka 14.10 melde 110 vest om at brannvesen har kome fram til traktoren og at han ligg noko utfor vegbana.

– Ekstremt glatt køyrebane på staden, opplyser 110 vest på Twitter.

Smal og isete veg

Operasjonsleiar Michalsen fortel at det er store vanskar med å ta seg fram på vegen.

– Det er svært vanskeleg tilkomst på vegen, det er glatt og isete og mykje snø. Det er ute ein traktor i området no, som strør for harde livet slik at naudetatane kan koma seg fram, sa Michalsen om lag klokka 13.35.

Bergingsbil er også rekvirert til staden.

Neste artikkel

Kritiserer melkepris: – Tine går ut med villedende informasjon